Ja, kvifor? Kva var/er årsaka? Heldigvis har alt fleire spurt seg om det. I USA spør fleire seg: «Kvifor kan nokon hate oss så intenst?» Dette spørsmålet fører oss mot kjernen i problematikken (om kvifor?).

Det er fattigdom og at ein liten, men mektig maktelite, styrer verda. Eit heilt hundreår har USA regissert verda (sjølvsagt også med hjelp av andre land, og det er styresmakter, store multinasjonale selskap og etterretning/militære, eg snakkar om - ikkje folket).

Utallege kupp har USA og CIA støtta i mange land, direkte eller indirekte, t.d. Guatemala, Chile, Kongo, Etiopia, Indonesia, lista er lang. Mellom ein halv og ein million kommunistar og andre vart drepne i Indonesia i 1965/66, utan rettergang, men slakta ned etter lister etterretningsorganisasjonen CIA hadde, utført av diktatoren Suharto og hans militære. Ein 10 års økonomisk blokade av Irak, vedteken av Sikkerhetsrådet i FN, men med vetobruksretten til USA og våpenbroren Storbritannia klar, om nokon andre land vil oppheve den.

Har blokaden fenge vippa Saddam Hussein frå makta? Nei, men truleg ein halv million sivile har døydd, mest born og gamle, som indirekte årsak av sanksjonane (FN sin barneorg. UNICEF sine tal). Det uløyste problemet i Midtausten er stadig «heitt». Om ein aldri så mykje argumenterar for at begge partar må stanse valden, så er realiteten der: Israel okkuperar ein stat verdssamfunnet gjennom FN, også har godkjend eksistensen til, nemleg Palestina. Alt dette ovanfor nemnde, og mykje meir, må takast med når spørsmålet kvifor skal svarast på.

Angrepa 11. september var ifølgje president Bush ei krigserklæring mot USA og heile den «demokratiske» verda. Åtaket mot World Trade Center er ikkje eit nytt Pearl Harbor, dette er ikkje ein verdskrig. Dette er ein annan krig som har helde på minst sidan andre verdskrigen. Ein krig som er mot ei supermakt (og Vesten) som har styringa på det meste, og som skapar kjempestor skilnad i verda, mellom fattig og rik, mellom sør og nord.

Det er den rå globale markedsliberalismen som meir enn noko held dei fattige landa i sør nede. Fire femdelar av jorda sin befolkning disponerar og har makt over tre fjerdedelar av jorda sine ressursar. I USA åleine eig litt over 1 prosent av befolkninga meir enn dei 90 prosent lågast løna.

Skilnaden mellom dei 1 prosent rikaste i verda og dei mange titals prosent fleire fattige i verda, har berre dei siste 10 åra auka astronomisk. Ser ikkje verdas maktelite at nettopp av den grunn at så lenge verda er så botnalaust urettferdig, og at nokon få i Vesten med dei multinasjonale selskapa, Verdsbanken og IMF i spissen, har sør i si makt, så vil «bumerangane» før eller seinare råke Vesten.

Det gjorde det til gagns denne gongen, der det økonomiske og militære hjarta i USA, for ikkje å seie heile Vesten, vart råka. Dei fleste som miste livet, var no som i mange andre høve, dei sivile. Dei uskuldige vert alltid råka mest, antan det har vore i bombekrigen mot Irak, Serbia eller i terroraksjonane mot USA. Den slags verd Bush, Blair og andre toppar gjer seg til talsmann for er nettopp den verd heldigvis flesteparten av verdas folk ikkje vil ha:

Ei verd med den sterkaste sin rett, og den imperialistiske harde neve som alltid gjev svar. Ein hjelper ikkje urettferda i verda og dei etterlatne etter terroraksjonane i USA, med at nye tusen uskuldige skal bombast til tystnad. Ein hjelper berre terroristane og sitt eige vestlege ego. Still terroristane for det Vesten skryt av, nemleg rettsstaten, og kjemp mot krigslysten. Vakna opp, Vestens folk!

Av Ivar Jørdre, Bergen