Betre kunnskap om Hardangerbrua

debatt

Etter at dei eksterne kvalitetsrapportane om Hardangerbrua vart offentlege 7.oktober, har det norske samfunnet fått betre kunnskap om brua.

Av Sigurd Solberg og Torstein Dahle, Hordaland RV

Hardangerbrua er eit svært dårleg samfunnsøkonomisk prosjekt. Det har vore mykje kritikk i bruprosjektet - og i andre prosjekt - av den gjeldande norske måten å rekne lønsemd på, med 8 % kalkulasjonsrente. Med lågare rente, ville prosjektet få betre lønsemd. Men dersom kalkulasjonsrenta vert redusert, vil alle prosjekt med langsiktig investering i infrastruktur bli meir lønsame. Slik endring i lønsemd kan ikkje vere noko argument for å løfte fram akkurat Hardangerbrua. Møreforsking seier i sin rapport at sjølv med revidert metodikk og lågare kalkulasjonsrente vil den samfunnsmessige avkastinga i dei fyrste driftsåra vere så låg at prosjektet i beste fall bør utsetjast 10-15 år.

Hardangerbrua kan binde opp ein uheldig struktur i det framtidige vegsystemet nord-sør og aust-vest. Brua vil påverke trafikkgrunnlaget og samfunnsmessig lønsemd for mange prosjekter som er vedtekne, under planlegging eller på idéstadiet, men brua er ikkje analysert i ein slik større strategisk samanheng. Tilrådinga frå Møreforskning til departementet lyder slik: «Endeleg vedtak om utbygging bør utsettes i påvente av en bredere analyse av den strategiske karakter som ovenfor nevnt. Det er ingen viktige samfunnshensyn som tilsier at det haster med en gjennomføring». Samferdselsdepartementet har i Stortingsproposisjonen ikkje tatt omsyn til råda om strategisk analyse, men er blitt politisk instruert til ikkje å stoppe rask utbygging av brua fordi ho på nokre vis vil gje betre kommunikasjoner - og fordi Hordaland fylke så sterkt ønskjerbrua. Departementet har lagt vekk den faglege tilsynsrolla fordi nokon vil ha ei bestemt løysing.

Ingen gratis lunsj: Det er brukt som eit argument for brua at det er trafikantane sjøl som betaler det meste. Samfunnsmessig kan sjølvsagt alle pengane nyttast på andre måtar. Eit dårleg samferdselsprosjekt og ein dårlig struktur på vegsystemet i Noreg er på litt sikt ei sørgjeleg løysing for dei fleste - også for dei som vinn litt tid nokre få år

Tvilsamt fleirtal: «Det er klart fleirtal for brua», heiter det. Ja, på eit ikkje-problematisert grunnlag er det fleirtal. Det kan sjølvsagt vere kjekt å «få» bru. Men om folk får alternativ er det annleis. Eit massivt fleirtal ville ha rassikring heller enn bru då det vart presentert som alternativ. Vi trur at eit folkefleirtal i Hardanger ikkje vil ha Hardangerbrua om dei blir presenterte for ulempene og manglane ved prosjektet.

Den nye kunnskapen om Hardangerbrua - og den nye situasjonen som stortingsproposisjonen lagar - stiller krav til mange. Er det greitt for politikarane i Hordaland å slutte opp om ei lynrask bruløysing? Er det OK for det nye Stortinget å gå for ei løysing utan overordna analyse fordi Hordaland vil så sterkt?

Les også

KOMMENTARER Våre regler

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra Meninger

- Jeg forstår meg ikke på mennesker som ser på vold som underholdning

Sunniva Johanne Langeland (16) skriver på BTbatt.

Våre tapte liv

Noen av oss vokste opp hos biologiske foreldre som behandlet egne barn grusomt. 
Er det ikke på tide at også vi blir sett? Hvem skal gi <i>oss</i> erstatning?

- Er det riktig å forsvare en mann som har innrømmet å ha hatt sex med en 17 år gammel partifelle?

Adrian Nyhammer Olsen (17) anklager pressen for å slurve med etikken.

Oppblåste verdier

Norske politikere har bidratt til å blåse opp boligverdiene; nå bør de bidra med å slippe luft ut av boblen.

En sak for Riksantikvaren?

Fremtidens musikkturister vil kanskje besøke Loddefjords blokker og Jan Eggums myr, skriver vår musikkskribent.