OVE A. OLDERKJÆRStord



- Rett nok har vi heva lista eit par hakk i høve til å tillata naturinngrep i samband med kraftutbygging. Men eg veit ikkje kva følgjer det får for Hattebergvassdraget, seier Olav Akselsen til Bergens Tidende.



Olje- og energidepartementet får Hattebergvassdraget til handsaming i vår, etter at Norges vassdrag- og energidirektorat (NVE) i fjor tilrådde konsesjon for ei utbygging i Muradalen i regi av Kvinnherad Energi AS. Området i dalføret ovanfor Baroniet Rosendal er konfliktfylt avdi det ligg innanfor grensene for Folgefonna vest nasjonalpark.



- Eg skal delta i ei synfaring i Hattebergvassdraget før vi tek ei avgjerd. Eg veit i dag ikkje kva tid handsaminga av dette vassdraget skjer, men eg reknar med at det skjer i løpet av kort tid, seier olje- og energiminister Olav Akselsen.



- Utbyggingane statsministeren omtalte i sin nyårstale var tre konkrete utbyggingar vi har teke stilling til og som låg på bordet. Andre utbyggingar får vi handsama etter kvart som dei kjem opp i systemet vårt, seier Akselsen.