- Utpult, men sjukdomsfri
kommentar
Dei skal møte tausheit, tenkte eg først. Tei steinaldergubbane i hjel. Alt dei vil er at eg skal hisse meg opp. Dei lever heilt sikkert i den trua at dette er god humor, eller at all omtale er god reklame.
AV: hilde sandvik Ansvar for diskusjonsforum på bt.no
Les også:
Dei lever i feil tru. På eit tidspunkt blir omdømmet svekka så kraftig at kunden forsvinn.
Difor har eg no ombestemt meg og ropar det ut: BOIKOTT AUTO23! Bruktbilselgarane trur vi lever i 1952 - korleis kan du då vere sikker på om bilane dei falbyr ikkje er 52-modellar? Ingenting er utenkeleg etter at vi har sett korleis familiedynastiet Fredriksen velgjer å presentere seg sjølv med sjarmlaus heilsides annonser:
Ei nysminka vaskedame med Marilyn Monroe-hår diamantar i øyrene, stram blodraud kjole, glinsande munn og gummihanskar lener seg til vaskekosten og ser deg inn i augo. Rett under det venstre brystet hennar står det: «Pent brukt, meget driftsikker»
Det kunne like gjerne ha stått: «Utpult, men sjukdomsfri». Det er eigentleg det som står der. «På sett og vis er det med bruktbiler som med oss mennesker. Tiden setter sine spor og gjør oss til den vi er», står det. Er det meininga vi skal le no?
Mennesket er som ein bruktbil. Ei fint brukt kvinne er som ein fint brukt bil. Ho kan polerast og omlakkerast. Ho kan til og med få trimma motoren. Men, som bruktbilselgarane sikkert veit: Det er lukta som sit att lengst. Og her luktar det innestengt luft, lite sosial omgong og billig pornofantasi.
Kanskje det ikkje er så underleg at dagleg leiar Martin E. Fredriksen «ønsker å ligge lavt, og være en av de mange i den grå masse», som den tidlegare revisoren har sagt til BT. Eit slikt kvinnesyn toler nemleg ikkje dagens lys. Ikkje synet på den grå massen heller, for den del.
Neste onsdag er det 8. mars. Medan vi framleis hadde eit Likestillingssenter blei likestillingsprisen for god og dårleg reklame delt ut denne dagen. Sidan korkje Likestillingssenteret eller reklameprisen finst lenger, oppretter eg no ein eigen pris for plump reklame til vanære for bruktbilselgarane i Fyllingsdalen. Samstundes vil eg gjerne minne dei om at det stadig er fleire av oss kvinnene som kjøper bil. Og kva er det i så fall denne annonsen vil minne oss om? At bruktbilselgarar fortener ryktet sitt?
Les også
Siste fra Meninger
Relaterte bilder
FAKSIMILE FRÅ BT 26.02.06
KOMMENTARER Våre regler