TRINE EILERTSENHENNING A. HELLEBUSTMARIT HOLM EYSTEIN RØSSUMTERJE ULVEDALODDLEIV APNESETH (foto)ØRJAN TORHEIM (foto)



– Den sikta har forklart at selskapet hadde svak økonomi. Han har hatt behov for å gjere dette, for å halde drifta gåande, opplyser førstestatsadvokat Petter Nordeng i Økokrim.



– Har han sagt noko om andre også har vore involverte eller kjent til svindelen?



– Nei, den sikta har forklart at dette var noko han stod bak sjølv. Han har sjølv arrangert fiktive bilag. Ingen andre skal ha vore involverte.



Ein del av vinsten frå jukset skal også ha vore brukt til å konkurrere ut andre eksportørar. Enkelt fortalt meiner politiet at OK-Fish Kvalheim brukte pengane dei urettmessig fekk hand om til å betale oppdrettarar betre og selje fisken billegare. På dette viset skaffa selskapet seg konkurransefordelar framfor andre eksportørar.



I dagane framover kjem Økokrim til å konsentrere seg om å finne ut kvar pengane har blitt av.



– Vi vil prøve og følgje pengestraumen i selskapet. Dette er også grunnen til at vi meiner den sikta må haldast fengsla. Vi fryktar at bevis kan gå tapt, dersom så ikkje skjer, seier Nordeng.



I dagane framover kjem Økokrim og folk frå lensmannskontoret i Måløy til å halde fram med å gå gjennom dokument, datafiler og andre beslag gjort på kontoret til OK-Fish Kvalheim AS i Måløy. I tillegg vil det verte teke ei rekkje nye avhøyr. Mellom dei som skal avhøyrast er tilsette i selskapet, revisor og rekneskapsførar.



Les også:- For utrolig til å være santBlåste i skattefutenNorgeshistoriens største avgiftssvindelFår rekning på vel ein kvart milliard Fylkene samarbeider ikke