Fottur: Lemme–Liaset (71C)
Fjelltur til det vakre stølsområdet på Liaset.
Terreng: Traktorveg, stølsveg.
Høgdeskilnad: 256 meter
Tid: 2 - 2 1/2 timar. 8 km tur/retur.
Parkering nedanfor Lemme på tilrettelagt og skiltet P-plass.
Vi starter til fots på traktorveg/skogsveg (bomveg), går rett fram og passerar innmarka til Lemmegardane. I starten er det god stigning.
Vi går gjennom bar- og lauvskog, gjennom fleire grindar, passerar fleire hytter som ligg idyllisk til. Det er tilrettelagt små, naturlege kvile/ rasteplassar undervegs.
Like over tregrensa kjem vi opp i den vakre stølsgrenda Liaset. Her er det fantastisk utsikt over dalen nedunder, vidare mot nord over mot Vosse¬strand og sørvest mot Vossevangen. Majestetisk fjellområde på motsett side av dalen, Lønahorgi 1412 m.o.h. med fjernsynssendar, Bavallen og Slettafjellet med alpinanlegget. Vi ser og innover mot Stølsheimen.
I området rundt stølane på Liaset er det fleire småbekkar og tjern. På fine dagar kan det vera forfriskande med eit bad i eit av dei små tjerna. Fine stølsvollar der fleire husdyrartar beiter i området. Her er og eit rikt dyreliv, og ein kan oppleva å sjå både hjort og elg, hare, rev og storfugl.
Frå Liaset går det merka stiar vidare innover i fjellet.
Retur same vegen som vi kom opp.
Hugs: Grunneigarane har opna opp for turvegen, og alle som fylgjer veg og sti må forvalta denne invitasjonen på best mogeleg måte. Hugs og lat att grindar, ver var om dyr i marka, og far fint med naturen. Ver merksam på lokale reglar for bandtvang for hundar. Sjølv om fotturane er lagt godt tilrette og merka, kan det alltid vera noko som endrar seg, eller synest å mangla. Dei som har lagt turane tilrette, tar ikkje ansvar for skader eller anna som måtte skje under turen. Turen blir gjennomført på eige ansvar og risiko.
Fleire turtips frå Voss og omland finn du her
Har du erfaringar frå denne turen? Del dei med andre i kommentarfeltet under:
Les også
Siste fra Turtips
Lagt tilrette og utgitt av Hordaland fylkeskommune i samarbeid med Fylkesmannen i Hordaland, Landbruksavdelinga og Hordaland og Bergen Reiselivsråd. Les meir om turserien her.
Har du eit godt turtips? Send tekst og bilete til lokal@bt.no
Relaterte bilder
Liaset. FOTO: Sveinung Klyve