Vossajenter tok VM-bronse
Raftejentene frå Voss tok tredjeplassen på sprint-distansen i VM i rafting i Ecuador.
Les også:
I byrjinga av oktober drog fem jenter frå Voss til Quijos, ei av sideelvane til Amazonas, for å kapprafta med verdas beste elvepadlarar.
I natt var fyrste grein unnagjort, og det vart bronseplass på sprint-øvinga for dei norske jentene.
- Sprinten er ei kort distanse der fyrste run byrja med timetrial, altså at eitt og eitt lag padlar einslege nedover elva frå start til mål, deretter skal to og to lag konkurrere om å komma fyrst i mål, fortel Gudveig Lilleengen, ei av dei norske jentene, i ei e-post.
Kapteinen på laget, Ragne Berre (30) er frå Bærum, men kombinerer lærarjobb på utmarkslina ved Voss jordbruksskule med instruktørjobb på Raftingsenteret. Gudveig Lilleengen (27) frå Skjåk jobbar som sjukepleiar på Voss. I tillegg utgjør tre innfødte vossajenter landslaget: Gunvor Wæhle (36), Silje Skorve (24) og Gry Bystøl (21).
- Vi har hatt ein heilt utruleg dag. Det starta med at vi klarte å kvalifisere oss til head to head-konkurranse der vi i fyrste run skulle konkurrere mot USA. Dette er sterke jenter men vi klarte å ta dei på linjevalg og rein vilje på slutten. Etterpå hadde vi eit run mot New Zealand, desse kom desverre før oss med god margin, men vi kunne likevel gå vidare med siste run mot Tsjekkia. Vi var superklare for å slå dei, noko vi klarte! No svevar vi i lykkerus og skal snart på premieutdeling, skriv jentene på heimesida si.
Les også
Siste fra Sport
Relaterte bilder
VANN: Dei norske jentene slo USA med god margin i den fyrste duellen. FOTO: SILJE SKORVE
TOK BRONSE: Kvinnelandslaget i rafting, her under trening i Raundalselva i Voss. FOTO: ARNE HOFSETH