Oen tek ikkje skaden så tungt
Alexander Dale Oen går glipp av EM og VM før jul. Men han legg seg ikkje ned og griner av den grunn.
AV: øystein vik
Les også:
Dale Oen måtte trekkja seg frå eit verdscupstemne i Stockholm i helga på grunn av skade, og ei MR-undersøking syner no at Dale Oen har fått ein såkalla stresskade i bekken og rygg. Det melder NRK.
Kort sagt har Dale Oen trent så hardt at bekkenet er på brestepunktet.
- Du kan samanlikna det med ein treplanke. Dersom du hoppar lenge nok på den, så vil den knekka til slutt, seier Dale Oen til Bergens Tidende.
Vil ikkje vera turist
25-åringen frå Øygarden går dermed glipp av kortbane-EM i Eindhoven denne månaden og kortbane-VM i Dubai i desember.
- Eg veit at EM ryk. Eg kan sikkert verta klar til VM, men eg får ikkje trent på det nivået eg ønskjer framfor meisterskapen, og då stiller eg truleg ikkje. Eg har verken tid eller lyst til å vera turist, seier Dale Oen.
OL er det klart viktigaste for Dale Oen, og OL-medaljane konkurrerer ein om i eit langbanebasseng (50 meter). At det no er to kortbanemeisterskap (25 meter) som ryk, er ein trøyst for Dale Oen. Sju av dei ni internasjonale medaljane Dale Oen har tatt, er vunne i 50-metersbasseng.
Det hadde vore eit større problem om langbane-VM i Shanghai neste år skulle koma i fare.
Har hatt ein del smerte
- Dette hadde vore mykje verre om det var nærmare sommaren og ikkje minst nærmare OL. Kortbanemeisterskap er ikkje kjempeviktig, sjølv om det alltid er kjekt med meisterskap, og eg alltid har lyst til å symja fort.
Dale Oen må no trena mindre og alternativt i tida fram mot jul. Skaden i bekken og rygg har gjort at han har hatt ein del smerte i det siste.
- Det er aldri kjekt å vera skadd, men eg må berre sjå på dette som ein sjanse til å prøva nye ting. Eg må sjå om nye måtar å trena på kan fungera for meg. Eg må vera positiv, eg kan ikkje leggja meg ned for å grina, seier Dale Oen.
Les også
Siste fra Sport
Relaterte bilder
FOTO: Michael Sohn