Får att for å ha vore sta

Han var den einaste i verdseliten som nekta å bruka superdrakta i fjor. No får Alexander Dale Oen att for det.

I EM-semifinalen i går kveld fossa han frå konkurrentane og vann med ein margin som truleg gjer samtlege rådville framfor kveldens finale. Eitt og eit kvart sekund til den argaste av dei, franskmannen Hugues Duboscq, er eigentleg heilt uhøyrt i ein så marginal idrett som symjing. Med sluttida 59,29, som er ny meisterskapsrekord, blei han dessutan den første i verda i år til å snika seg under den framleis litt magiske eittminuttsgrensa.

Elendig vending
- Det er godt å kjenna at det går fort, seier Dale Oen, som sumde meir enn eit sekund fortare i semifinalen enn han gjorde i forsøket tidlegare på dagen. Ved vending låg han dessutan under verdsrekordtida til australiaren Rickard Brenton (58,58).

- Vendinga var elendig, og i tillegg er det litt å henta på dei siste 25 metrane. Dei blei litt masete, seier Oen etter det som framstår som ein symjehistorisk maktdemonstrasjon.

Sjølv vil han ikkje meina for mykje om i kva grad det han presterer i bassenget nett no, har å gjera med det faktum at han i fjor valde ikkje å bruka den no ulovlege superdrakta.

- Det må du spørja dei andre om, men dei blei kanskje litt blenda av drakta, seier Dale Oen, der han går rundt som eit einaste stort, sjølvsikkert og nybarbert glis.

Trenar Stig Leganger-Hansen er ikkje det minste i tvil:

- Det er klart han har att for at han var sta. No er dei andre i ein situasjon der dei må venna seg av med drakta. Det slepp Alexander. Dei er usikre, han veit kva han er god for og har gjort det heile tida, seier Leganger-Hansen.



Genistrek
Det som er klart, er at dei som lo og ikkje forsto kva nordmannen dreiv med i fjor, dei ler ikkje no lenger. Tvert imot framstår Dale Oens avgjerd i dag som noko av ein genistrek.

Kan hende var Dale Oen forutsjåande og kynisk nok til å sjå den premien som ville liggja der den dagen draktene ikkje lenger ville vera lovlege. Men for 25-åringen frå Øygarden var det ikkje berre eit svømmefagleg spørsmål, men også eit moralsk. Av alle som forsikra at dei ikkje ville bruka drakta, var Dale Oen den einaste som stod ved det han sa.

- Det hausta han respekt for, for sjølvsagt var det freistande å gi etter for denne sjansen til å underskrida sine eigne bestenoteringar, seier Stig Leganger-Hansen.

- Kva trur du konkurrentane tenkjer etter denne semifinalen?

- Eg trur ikkje dei søv så godt i natt. Dei er nok imponerte, meiner trenaren.

Lita tue ...
Samstundes er han snar med å understreka at det er lite som skal gå galt for at Alexander Dale Oen ikkje er den som blir hylla som europameister i kveld.

- Feil fokus, eit feilskjer, ei dårleg vending. Dessutan veit vi aldri kva konkurrentane har teke ut til no. Det kan jo hende at ein eller annan har eit gir eller to ekstra å setja inn i finalen.

- Men dette var jo rein utklassing, slår Leganger-Hansen fast.

Med gårsdagens semifinale samla Alexander Dale Oen sjølvtillit som kan bli verdfull ut over dagens 100-meterfinale. Torsdag går 200-meterfinalen, og laurdag går 50-meteren. Så sjølv om 100-meteren er den strilen satsar mest på, kan det bli meir moro utover i veka. I EM i Eindhoven for to år sidan vart det sølv både på 200- og 50-meter, etter at han hadde sikra seg gullet på 100-meteren.

- Berre å nyta
- Ja, på 200-meteren er du avhengig av eit godt løpsopplegg. På 50-meteren er det berre å dura på, seier Stig Leganger-Hansen.

Sikkert er det at Alexander Dale Oen har funne ei form som liknar mykje på den han hadde i Nederland i 2008.

- Det er ikkje godt å vita om eg er i mitt livs form, men god form er eg i utan tvil. Den er det berre å nyta mens den er der. Kosa seg i bassenget og ha det gøy, seier Alexander Dale Oen og ser ut som om han knapt kan venta på finalen.

Les også

Siste fra Sport