Blålyssenter

leiar

Espeland leir kan bli viktig for at Bergen i framtida skal stå rusta for ulykker og katastrofar.

Leiar, fredag 07.03.08

I dag møtest representantar frå politi, sivilforsvar, brannvern og helsesektoren, samt folk frå komitear på Stortinget og LO sin mektige nestleiar Geir Mosti.

Det er arnamann og fagforeningsleiar Jørn Davidsen i Bergen Brannkorps Forening som har invitert partane til hovudbrannstasjonen for å drøfta etablering av eit fleiretatleg regionalt beredskapssenter i Espeland leir. Formålet er å skaffa såkalla blålysetatar ein eigna tilhaldsstad for å styrkja kompetansen på krisehandtering gjennom tilrettelagde opplærings- og øvingsaktivtetar.

Tanken er ikkje ny. Direktoratet for Sivilt Beredskap fekk i 1999 utarbeidd ein rapport som konkluderte med prosjektkostnader på 54 millionar kroner. Planane vart til slutt lagt bort av dåverande justisminister Hanne Harlem. Sivilforsvaret i Hordaland har seinare utarbeidd ein «light»-versjon, men utan å vinna tilstrekkeleg gehøyr hos sine overordna. Når nye drivkrefter no tar opp att ideen, er det med vissheit om at 1999-prosjektet må omarbeidast monaleg. Dette fordi mykje av bygningsmassen i leiren sidan har blitt freda.

Men det betyr ikkje at idéen er dårleg. Sivilforsvaret held til i Espeland leir i dag, og eig over 60 mål i området. Politiet er i leiren fleire gongar i veka for å drilla troppane sine. Og etter å ha snakka med ei rekkje brannfolk, er inntrykket at behovet for betre øvings- og opplæringslokalitetar er stort også i denne etaten. Spesielt blir høvet til samøvingar i eit slikt senter framheva som eit vektig argument. I store, reelle kriser jobbar helse, politi, brannvesen og sivilforsvar side om side i redningsarbeidet. Kva er vel då meir naturleg enn at dei same etatane førebur seg best mogeleg på slike fellesoppgåver?

Bergen er Noregs nest største by, med mange potensielle farer, som større brannar, flom, ras og oljeutslepp etc. Vi trur Espeland leir kan vera ein veleigna stad å utvikla ein felles beredskapskultur for å stå best mogeleg rusta til å møta desse utfordringane.

Les også

Siste fra Leiar