Når barnevernet sviktar

Leiar:

Problemet synest å vera at barnevernet i mange tilfelle gjer vondt verre.

Det offentlege ser ikkje ut til å ha tatt lærdom av alle erstatningskrava frå tidlegare barneheimsborn. Dei vart utsette for omsorgssvikt, mishandling og overgrep medan stat og kommunar hadde ansvaret for dei. I helga avdekka BT at mange av dagens barnevernsborn også går for lut og kaldt vatn. Resultatet er at dei rusar seg, og utviklar alvorlege narkotikaproblem medan dei er under tiltak frå barnevernet.

Bakgrunnen for artiklane i BT var mellom anna ein rapport frå Utekontakten i Bergen som slår fast at unge byrjar med narkotika på barnevernsinstitusjonar, og at langarane i byen blir stadig yngre. Ein 17-åring fortalde at han hadde flytta 15 gonger på fem år. Han rusa seg gjerne fleire gonger dagleg i husværet som barnevernet har tildelt han. Han har både brennevin, hasj og brukarutstyr i bustaden, trass i at han er mindreårig og det er forbode.

Foreldra tok kontakt med det offentlege for å få hjelp då guten var 12. Dét angrar dei på i dag. Barnet deira har hamna i eit miljø som i alle fall ikkje er prega av trygge og gode oppvekstvilkår. Er det slik omsorg Bufetat skal gi born og unge i ein vanskeleg livssituasjon?

Dersom systemet innan barnevernet fungerer så dårleg som dette, er det på høg tid å ta ein full gjennomgang av tiltak og verkemiddel. Når samfunnet grip inn overfor ein familie, er det fordi dei pårørande sviktar i si omsorg. Problemet synest å vera at barnevernet i mange tilfelle gjer vondt verre. Når tenåringar blir plasserte i ei leilegheit - og skal klara seg sjølve - utan at vaksne stiller krav, må det gå gale.

17-åringen som har fortalt historia si, fortel om dagar heilt utan innhald. Han går ikkje på skule, og er ikkje i arbeid. Ingen krev at han skal gjera noko anna enn å klara seg sjølv i kvardagen - med minimalt tilsyn. Trur barnevernet og Bufetat at slikt kan fungera? Alle treng noko fornuftig å ta seg til. Alle treng at nokon bryr seg.

At departementet no vil gå barnevernsinstitusjonane nærare etter i saumane, er berre rett og rimeleg. Dersom det er slik den offentlege omsorga fungerer rundt om i landet, har systemet svikta totalt.









Les også

Siste fra Leiar