• URØRT NATUR: Her, i området rundt Vending, synest Kvamskogen Vel at kraftmastene heller bør gå enn over Kvamskogen. ARKIVFOTO: HELGE SUNDE

Vern på vilkår

Kampen mot høgspentmastene i Hardanger har røykt ut aktørar av mange slag. Ikkje alle er like aktverdige. På Kvamskogen finst det jamvel nokon som har urørt natur å ofra.

NÅR HYTTEEIGARANE på Kvamskogen mobiliserer mot mastene, er det ikkje kampen for den urørte naturen dei kjempar. Snarare tvert om. Og dette er det skrikande paradokset når Kvamskogen Vel, med den tidlegare ordføraren i Bergen, kvemmingen Ingmar Ljones, som spydspiss, kastar seg inn i kampen mot mastene: At svære hytter skal dei ha, og straum skal dei ha, og veg fram til hyttene sine skal dei ha, og skiheisar til å hjelpa seg til toppane skal dei ha. Men master til å føra fram den straumen dei er så avhengige av, dei får nokre andre ta.

Og ikkje kven som helst andre. Når Kvamskogen Vel peikar på alternativ trasé for straumgata, synest dei det er heilt greitt at eit område som i dag er fritt for inngrep, blir ofra.

Slik hôler Kvamskogen Vel ut kampen for naturen, slik undergrev dei det ekte og uavhengige naturvernet. For slik Kvamskogen Vel argumenterer, kan ikkje kampen mot mastene lenger sjåast som eit edelt forsvar for den urørte naturen, men som ein nokså nærsynt kamp for utsynet frå hytteveggen.

Eg for min del skal tola både ei og to master ekstra langs motorvegen om eg berre får sleppa å sjå dei der eg dreg for å finna fred og ro.

EG ANERKJENNER Kvamskogens hytteeigarar retten til å slåst mot mastene, og eg kan inderleg vel forstå at dei ikkje vil ha knitrande høgspentleidningar beint gjennom grendene sine. Det eg har vondare for å forstå, er korleis dei kan forsvara sitt alternative forslag, som altså vil rasera eit område som i dag er urørt. Det kan dei sjølvsagt gjera, men ikkje utan samstundes å mista det truverdet dei måtte ha som naturvernarar.

«Nord for Fuglafjell», sa Ingmar Ljones i sin appell mot mastene tidlegare i haust. Nord for Fuglafjell kan dei plassera mastene. Då er vi i området Fitjadalen, Vossadalen, Fugladalen, Vending. Eit stykke natur som i dag er fritt for menneskelege inngrep om ein ser bort frå eit sel her og ei jakthytte der. Eit område som krefter innanfor Bergen Turlag i mange år har ivra for å freda, og som støtt fleire har fått augo opp for, mellom anna på grunn av den nye turlagshytta på Vending.

Her beitar reinen, her hekkar kongeørna i bratte berget. Og her synest Kvamskogen Vel det er legitimt å krevja at kraftgata blir lokalisert.

NÅR EG STUDERER kartet over Kvamskogen , ser eg hundrevis av små prikkar tett i tett. Symbolet for hytter. Eg ser skitrekk og skiheisar, vegar og hus og symbolet for master og kraftleidningar som kryssar området. Kvamskogen er alt i utgangspunktet sterkt prega av menneskelege inngrep og omfattande infrastruktur.

Eg er sjølv ein ivrig brukar av Kvamskogen. Kvamskogen var det første, og lenge det aller viktigaste, utfartsområdet for meg, som det er og har vore for mange bergensarar. Etter kvart har eg utvida turområdet mitt til mellom anna også å omfatta Bergsdalen og Kvamfjella, medrekna nettopp området nord for Fuglafjell.

Her har eg funne eit rike som har mange av dei kvalitetane eg, og mange med meg, etterspør. Mektig, urørt natur, med ville vassdrag, blenkjande vatn med fisk i, fred og ro og nett passeleg trafikk av folk. For alle praktiske føremål snakkar vi om eit villmarksområde som det burde vera i samfunnets og styresmaktenes interesse å verna mot inngrep og ta vare på for framtida.

KVAMSKOGEN VEL MEINER tydelegvis at ulempene og inngrepa bør distribuerast jamt utover. Det er ei rettferdssans og eit prinsipp som gjev meining på mange av livets område, men som sjølvsagt ville vera ei katastrofe for naturvernet. At eit dalføre har fått eit luftspenn, kan ikkje bety at det neste luftspennet må leggjast til nabodalføret. Det ville vera ei effektiv oppskrift på ei akselererande nedbygging av norsk natur.

Litt av den same mangelen på musikalitet synest eg eg høyrer når netteigarane og utbyggjarane argumenterer for høgspentmastene sine ved å visa til at dei ikkje kjem til å vera synlege frå der folk bur. Som om master er uproblematiske så lenge dei ikkje kan sjåast frå stoveglaset.

EG FOR MIN DEL skal tola både ei og to master ekstra langs motorvegen om eg berre får sleppa å sjå dei der eg dreg for å finna fred og ro og urørt fryd for augo.

Jau då, norsk natur er avhengig av lokalt engasjement, men norsk natur treng ikkje slike talspersonar som Kvamskogen Vel representerer. Norsk natur treng talspersonar som ikkje driv naturvern på vilkår, som ikkje kan mistenkjast for å vera styrte av eigeninteresser, men er prinsippfaste advokatar for det vesle vi har att i landet vårt av utemd natur.


Kva synast du om mastemotstanden blant hytteeigarene på Kvamskogen? Sei di meining i kommentarfeltet nedanfor.

Les også

Siste fra Kommentar

Glemselen som må komme

Utøya har vært et sted for fremtiden. Nå vil den også bli et sted for erindring.

Blankpolert bremsekloss

Konservatismens kraft skal ikkje undervurderast, for vi har alle ein flik av den under huda.