Tid for rollebyte

Dei beste lærarane mine snakka aldri om karakterar. OECD burde lytte til dei.

- GLER DU DEG ikkje til å begynne på skulen?

Dama såg skeptisk ut. Eg rista på hovudet igjen. Eg hadde nettopp fylt sju, og fekk vondt i magen av å tenkje på at sommaren var slutt. Mine dagar som fritt menneske var talde. Snart måtte eg også stå opp til same tid kvar einaste morgon, og gå til det same gamle huset kvar bidige dag. Skulen virka som noko dei vaksne hadde funne på berre for at ungane skulle ha det like kjedeleg som dei sjølv.

- Men kvifor gler du deg ikkje, då?

Dama gav seg jammen ikkje. Eg såg oppgitt på henne. Ho var ikkje gammal. Hadde ho gløymt kor kjekt det var å gjere som du vil? Eg forsto at eg måtte snakke vaksenspråk visst ho skulle forstå.

- Eg har ikkje tid til å gå på skulen. Eg har så mykje anna å gjere.

Dama lo. Eg var alvorleg. Nokre månader seinare var eg motvillig i gang.

MANGE SKULAR, år og vitnemål seinare prøver eg å forstå kva som skjedde: Når, kor, og kvifor blei skulen gøy? Svaret er enkelt: Gode lærarar. Men kva var det som gjorde dei gode?

Verdas fremste forskarar, rikfolk og regjeringar kappast for tida om å finne svaret. Motivasjonen er enkel og kraftfull: Dyktige lærarar er den viktigaste faktoren som påverkar resultatet i skulen. Eit kjapt søk på nettet viser at Australia er på sporet: Deira forsking viser at dei dyktigaste lærarane er meir fleksible i undervisninga og opptekne av eleven sitt behov. Dei brukar mindre tid på detaljerte planer, og skapar miljø der det er lov å prøve og feile. Sjølv konservative britar har tatt eit oppgjer med tjue års detaljstyring, og vil ha meir sjølvstendige lærarar. Ein professor oppfordra attpåtil lærarane til å drive «kreativ undergraving»av nasjonale strategiar.

KVA ER SÅ GRUNNEN til at eg skriv om skulen på ein sundag? Jo, saka er som følgjer: Kunnskapsminister Kristin Halvorsen har bede om råd til korleis den norske skulen skal bli betre. Eit av svara kom frå OECD, Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling.

La oss sjå vekk frå at tilstanden i verdsøkonomien for tida er eit argument for å halde økonomane unna både skulen og barna våre. Her kjem ein del av OECDs gulloppskrift, sitert i norske aviser:

«Barn bør tidleg få vite kva talkarakterar betyr, og kva som blir venta av dei».

Ja vel? Men kvifor? Då eg var liten fylte eg fleire kladdebøker med tal og tider frå skøyteløp, og hugsar framleis vinnartida på 500 meter i EM i 1980. Eg kunne tala på rams, og forsto kva dei betydde. Eg blei ikkje betre til å gå på skøyter av en grunn. Det venta eg då heller ikkje. Sjølv eit barn forstår at tala berre var resultat. Liksom karakterar sa dei ingenting om korleis. For å oppnå resultat treng ein heilt andre slags mål. Det nyttar ikkje å bestemme seg for å bli nummer 1 i serien eller få 6 på eksamen, dersom du ikkje anar korleis du skal kome dit.

OG DET FØRER oss tilbake til dei gode lærarane. Dei beste eg har hatt på tre kontinent, har tre trekk felles:

For det første brydde dei seg om elevane. Dei brukte tid på å snakke med oss, både i og utanfor klasserommet. Det gjer inntrykk når ein professor forserer piggtrådgjerde merka «Adgang forbudt» for å vere med studentane (Dette bør dog neppe prøvast av fleire).

For det andre underviste dei beste lærarane så klart at alle forsto, men så engasjerande at ingen kunne slappe av. Kreativiteten kunne til dels nå kvalmande høgder, som då me sat fleire timar i stanken frå kokande urin for å få innsyn i forholda på ein marknadsplass i det gamle Hellas. Etter den sterke leksjonen sit poenget spikra for livet.

DET TREDJE fellestrekket er grunnen til at eg trur OECDs råd er feil: Dei beste lærarane mine snakka aldri om karakterar, eller kva andre venta av oss.

Tvert imot. Dei var overberande med planer og pensum, og mest opptekne av å få oss til å tenkje sjølvstendig, kritisk, kreativt og klokt. Oppskrifta bør vere høgst relevant for finansfolk og økonomar i 2011. Kanskje burde me heller sende lærarar for å gi råd til OECD.

Synspunkt? Del dei med våre lesarar her.

Les også

Siste fra Kommentar

Glemselen som må komme

Utøya har vært et sted for fremtiden. Nå vil den også bli et sted for erindring.

Blankpolert bremsekloss

Konservatismens kraft skal ikkje undervurderast, for vi har alle ein flik av den under huda.

Relaterte bilder