Pokker ta Twitter

Eg seier det like ut: Twitter og Facebook er ikkje viktige, dei er berre trendy.

Les også:

Av Lars Nyre, fyrsteamanuensis i medievitskap
Universitetet i Bergen




SJØLV OM EG OPPFATTAR meg som samfunnsbevisst ser eg ingenting vesentleg i måten desse sosiale nettverksmediene vert brukt på, og eg vert sliten av den hysteriske omtalen dei får i avisene heile tida.

Trendståheien rundt sosiale nettverksmedier har stått på i to-tre år no. Hilde Sandvik er ein av dei mange journalistane som fråtsar i unyansert optimisme (Sideblikk, 8. april). Det er menneskeleg å gjera mykje ut av dei tinga du brukar mykje tid på, difor vert Twitter og Facebook framstilt som uhyre viktige av journalistar og akademikarar. Dei luftige Crocs-sandalane er viktige nok for helsepersonell og folk med fotsveitte, men dei utgjer ikkje akkurat ei samfunnsomveltning. Forskjellen er at når journalistar vert begeistra må lesarane vera med på lasset enten me vil eller ei.

Følg samfunnsredaktør Hilde Sandvik på Twitter her.

NÅR HILDE SANDVIK og resten av kultureliten uttalar seg positivt om nye teknologiar, så skriv dei inn eit moralsk imperativ i tekstane sine. Det er heilt nødvendig å synast at dette er bra, ellers er du ein bakstreversk bekymra mørkemann utan kontakt med verkelegheita, og heilt utan forstand på framtida. Men eg står oppreist i den moralske stormen, og slår uredd fast at Twitter pokker meg ikkje er viktig i det heile tatt.

Sosiale nettverksmedier utgjer ein velorganisert kommunikativ opportunisme der det viktigaste er å skriva noko smart slik at vennene dine kan sjå kor smart du er. Twitter, Facebook og YouTube dreier seg i veldig stor grad om personleg posering for folk som føler dei har viktigare ting å seia enn andre. Men dette personlege behovet får Hilde Sandvik utløp for uansett, slik Arne Hestenes og Ivar Åsen fekk utløp for det i sine tider. Å breia seg overfor andre er gøy for den det gjeld, men det er ikkje spesielt viktig for samfunnet.

Les også: «Hva? Forkjølelse? Vi vil ha tankene dine»

SOSIALE NETTVERKSMEDIER skapar inntrykk av at folk er politisk engasjerte, og gjev folk ei falsk kjensle av å ha gjort noko viktig. Den politiske vekta av å melda seg inn i ei Facebook-gruppe mot klimaendringa er null komma null eitt gram. Det einaste som verkeleg let seg påverka av slike initiativ er marknaden, og det finst vakre historier om at HaPå-pålegget vart redda, og at kjente og kjære radioprogram ikkje skifta sendetid likevel. Men dette er heller ikkje spesielt viktig for samfunnet. Det trengst større kraft bak ei handling for at den skal utgjera ein politisk forskjell, til dømes at hundre unge tamilske nordmenn set i verk ein sveltestreik framfor statsministerens kontor.

SOSIALE NETTVERKSMEDIER skapar inntrykk av at internett er viktig for alt som foregår i samfunnet. Ein gong i tida skulle alt drivast med damp, så vart det bensinmotor, elektrisitet og transistorar, og dei siste 20-30 åra skal alt drivast av datamaskiner. Slik maskinell einsretting er fantasilaus og kjedeleg, og dersom alt som kan utførast på internett til slutt faktisk vert utført der så får menneska eit fattig liv. Vakn opp og lukt på rosene!

Lat meg avslutta dette innlegget så klart som mogleg: Kult er ikkje det same som viktig. Det er uhyre kjedeleg å lesa om Twitter og Facebook i Bergens Tidende, og dersom de ikkje sluttar å prisa desse nye mediene heilt ukritisk så seier eg opp abonnementet i protest.

Er Facebook og Twitter viktig? Sei di meining i feltet under!

Les også

Siste fra Kommentar

Glemselen som må komme

Utøya har vært et sted for fremtiden. Nå vil den også bli et sted for erindring.

Blankpolert bremsekloss

Konservatismens kraft skal ikkje undervurderast, for vi har alle ein flik av den under huda.