Når embetsverket styrer
Embetsverket i departementa har aldri likt å bli kikka i korta. Difor har det aldri likt offentleglova som statsminister Per Borten kjempa igjennom i 1970.
AV: vidar ystad
Det er ikkje berre presse og offentleg innsyn embetsfolket mislikar. Minst like ille er den saumfaringa og kontrollen som Riksrevisjonen og Sivilombodsmannen utfører på vegner av Stortinget.
Det er vel kjent at mange byråkratar oppfattar særleg Riksrevisjonen som brysam, nærmast som hår i suppa.
Mindre innsyn og kritisk blikk gjer arbeidet enklare for byråkratiet.
Dei fleste statsrådane har bakgrunn frå Stortinget og burde kjenne Stortinget sitt behov og oppgåvene kontrollorgana for Stortinget, har. Stortinget har gong på gong slege fast at det er kontrolløren, ikkje den som skal kontrollerast. Med klart definerte unntak er det dei folkevalde som avgjer kva kontrolløren skal ha tilgang til.
Den einaste rimelege forklaringa på at det gong etter gong går gale, må vere at statsrådane anten let byråkratane styre seg sjølve, eller at dei let seg overtale av byråkratane. Eit gjennomgåande argument er åtvaring om konsekvensane for saksbehandlinga om kontrollinstansane får det innsynet dei krev.
Får påtale
Tre av Stoltenberg sine sitjande statsrådar har i løpet av kort tid lagt seg ut med Riksrevisjonen eller Sivilombodsmannen ved å motsetje seg innsyn.
Det overraskande er at ikkje Stoltenberg på eit tidleg tidspunkt greip inn. Han har sjølv erfaring: I 2001 nekta kommunalministeren hans, Sylvia Brustad, Riksrevisjonen innsyn. Det resulterte i krass påtale frå ein samla kontrollkomite.
Vintern 2008 nekta likevel dåverande kommunalminister Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) Riksrevisjonen det innsynet revisjonen kravde under granskinga av Terrasaka. Saka galdt dei famøse investeringane som mellom andre Vik og Bremanger vart lokka inn i.
Departementet og statsråden fekk klar kritikk av ein samla kontrollkomite på Stortinget då rapporten frå Riksrevisjonen vart behandla i Stortinget.
I år har miljøvernminister Erik Solheim (SV) nekta Riksrevisjonen innsyn i risikoanalysar i samband med budsjettering.
Ein samla kontrollkomite rettar nå sterk kritikk mot Solheim.
Endeleg har olje- og energiminister Terje Riis-Johansen (Sp) med aksept frå Statsministerens kontor i 11 månader nekta Sivilombodsmannen tilgang til eit dokument ombodsmannen gjorde krav om innsyn i.
Statsministerens kontor har nå bøygd av og pålegg Olje- og energiministeren å gje innsyn. Men det skjer først etter at ein vart klar over at også regjeringspartia sine representantar kravde utlevering av dokumentet til ombodsmannen.
Mistillit mot ombodsmannen
Det vitnar om sterkt engasjement på embetsmannsplan at den assisterande regjeringsråden har freista å hindre ein parlamentarisk leiar på Stortinget i å engasjere seg i saka.
Det omstridde notatet er utarbeidd av regjeringsadvokaten, som sorterer direkte under Statsministerens kontor. Det er ukjent i kva grad regjeringsadvokaten har vore kopla inn i handteringa av innsynskravet frå Sivilombodsmannen.
Bergens Tidende er kjent med at det frå embetsverket er blitt argumentert med at dersom ombodsmannen får innsyn, vil det bety at dokumentet blir offentleg.
Eit slikt standpunkt kan tolkast som mangel på kunnskap og dels om grunnleggjande mistillit til ombodsmannen. Han har teieplikt og offentleggjer ingen dokument som ikkje alt er offentlege. Han uttalar seg berre om vurderingane forvaltninga måtte ha gjort.
Mistilliten overfor ombodsmannen har vekt kvasse reaksjonar på Stortinget og verka til å skjerpe tonen i den innstillinga komiteen nå kjem med.
Banksikringspakka
Innsynsstriden om notatet frå stabssjefen ved Statsministerens kontor, Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, om banksikringspakka for eit år sidan, er også illustrerande. Den kastar også lys over kva slags haldningar embetsverket og den politiske leiinga ved Statsministerens kontor har.
Embetsverket utnytta at TV 2 og VG mangla kunnskap om korleis ein klagar, for å få hastebehandla innsynskrav i statsråd. Dermed hindra dei at Sivilombodsmannen kunne vurdere saka. Då dette skjedde, var SMK klar over at saka var klaga inn til Sivilombodsmannen. Dei handla difor med overlegg for å unngå å bli overprøvd.
SMK fekk kritikk i Stortinget, men hindra at Stortinget fekk utøve kontroll gjennom ombodsmannen.
Men denne gongen måtte SMK gje seg, pressa av sine eigne, på Stortinget.
Kva meiner du om innsynsstriden? Bruk kommentarfeltet.
Les også
Siste fra Kommentar
Relaterte bilder
FOTO: Bergens Tidende
FOTO: Lien, Kyrre
FOTO: Stian Lysberg Solum