Like som erter

Debatten om Alf Prøysens legning som går i reprise no, syner oss at aksept for det som er annleis ikkje er større enn at ord om forbodne kjensler måtte kviskrast fram på hotellrom, slik Prøysen måtte.

ER DET VANSKELEGARE å vere annleis no enn før? Tja. Korleis var det for den som vaks opp på femtitalet, sekstitalet, syttitalet? Kor lite eller mykje skulle til av avvikande utsjånad, interesser eller legning før ein ikkje lenger hadde innpass?

Les også: - Rasehygienen er tilbake - Rasehygienen er tilbake

Debatten om Alf Prøysens legning som går i reprise no, syner oss at aksept for det som er annleis ikkje er større enn at ord om forbodne kjensler måtte kviskrast fram på hotellrom, slik Prøysen måtte. Når forskar Jan-Kåre Breivik ved Rokkansenteret hevdar at det er blitt mindre toleranse for å vere annleis dei siste tiåra, er det ikkje vanskeleg å finne motargument. Vi driv til dømes ikkje med innlåsing, tidlegare kjent metode i normalitetens teneste. Sterilisering og lobotomering gir heller ikkje særleg god gjenklang. Men for å sitere Kjersti Horn, etablert regissør - og kortvaksen: - Eg veit ikkje om det er blitt verre, men kanskje det heller ikkje har blitt så mykje betre.

DÅ HO VAR BARN og ungdom var det også mykje snakk om beinforlenging for kortvaksne. Beinforlenging kan gi deg maksimalt 15 centimeter til høgda. Det er smertefullt og det krev år, som ein dokumentar på NRK viste før jul. Målet for foreldra som blei intervjua på TV var lettare liv for barna. Men kor mykje hjelp er det eigentleg i 15 centimeter? Kunne ein ikkje heller ha brukt tida og ressursane på å byggje sjølvtilliten til born som er kortvaksne? Spør Horn.

KOR GÅR GRENSA mellom det som er ei god livshjelp, og det Breivik kallar «normalitetstyranni»? Ei venninne fortalde om første møtet sitt med helsevesenet etter at sonen var fødd. Utan at mora hadde nemnt det med eit ord, tok legen opp dei utståande øyra hans - det har han etter mora. «Det beste er operasjon før han byrjar på skulen», sa legen. Mora blei så overrumpla at ho ikkje greidde å svare. Er ikkje det viktigaste å lære han å vere glad i seg sjølv, spurte ho etterpå. Då var ikkje legen lenger til stades.

DET ER SKILNAD på beinforlenging og øyreoperasjon, men motivasjonen er lik: Hjelp. Kjersti Horn stiller spørsmål om det nye ved vår tid er at overgrep er kamuflert som hjelp. Første gongen ho snakka med ein lege om høvet til å bli gravid med sin diagnose, og om eventuell arv, svarte han at det skulle ho ikkje bry seg om. Innan ho eventuelt skulle bli gravid, ville det finnast metodar til å slå fast om barnet bar på denne arven og antyda at det i så fall kunne takast bort. Ho fekk meir svar enn ho bad om, men ikkje minst fekk ho vite noko om legens haldningar.

HELLER IKKJE blei ho spurt då ho var seks år og det brått blei bestemt at ein ikkje lenger skulle bruke ordet dverg, men kortvaksen om slike som henne. - Eg blei bedt om å nekte på at eg var det folk vitterleg såg at eg var, seier ho, som framleis meiner dverg er eit betre ord enn kortvaksen. - Når folk ser meg, ser dei ein dverg. Kvifor kan dei ikkje då bruke det ordet, seier ho. Ved å skifte ord blei dverg til eit skjellsord, men det blei ikkje meir normalt av den grunn å vere kortvaksen.

Det korrekte språket tilslører manglande toleranse i praksis.

Meiningar om saka? Diskuter her.

Les også

Siste fra Kommentar

Glemselen som må komme

Utøya har vært et sted for fremtiden. Nå vil den også bli et sted for erindring.

Blankpolert bremsekloss

Konservatismens kraft skal ikkje undervurderast, for vi har alle ein flik av den under huda.