I seng med fienden?
søndagsgjesten
Er den framtidige strukturen for forsking og høgare utdanning på Vestlandet heilt uvesentleg for næringslivet i regionen?
GEORG ARNESTAD FOU-leder ved Høgskulen i Sogn og Fjordane
«JEG HØRER vi skal bli kollegaer. Så hyggelig.» Orda kjem frå ein professor ved UiB. Ikkje frå ein av dei middelmåtige, for dei finst det også nokre av ved UiB, men frå ein anerkjend fagleg autoritet på sitt felt. Orda er mynta på ein samarbeidspartnar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Den velgjetne professoren i Bergen ser med forventning fram til at ho skal bli arbeidskollega med lektoren og doktorgradsstudenten i Sogndal. Og nett slik vert det om få år, dersom Stjernøutvalet får det som dei vil.
PROFESSOREN eg har nemnt ovanfor, høyrer dessverre med blant unntaka. For både hos universitetsfolka i Bergen og høgskulefolka i Sogn er det førestillinga om status quo som er herskande. Godt støtta av einøygde og nærsynte lokal- og regionmedia avviser dei (vi) alle tankar om endringar av den «akademiske struktur» på Vestlandet. Her skal det meste vere slik det er i dag.
UNIVERSITETET sjølv er den fremste eksponenten for denne haldninga. Dette seier eg, trass i at eg godt veit at det er innleidd eit lovande nettverkssamarbeid mellom UiB og dei tre nærmaste høgskulane. Eg var sjølv med å skrive innstillinga som la grunnen for dette.
Ved høgskulane på den vestnorske landsbygda er vi likevel urolege. For slik det nye akademiske Noregskartet ser ut til å bli, blir det ikkje mange sjølvstendige høgskular igjen om nokre år. I Tromsø går høgskulen saman med universitetet, det same kan skje i Trondheim, Innlandet får sitt universitet basert på tre høgskular. Det blir eit nytt universitet av høgskulane i Oslo og omegn, og høgskulane vest for Oslo skipar sitt universitet.
PÅ VESTLANDET skjer det ingenting. Vi står att med eit godt, men noko sjølvtilfreds universitet, éin stor, men ikkje særleg kraftfull høgskule midt i Bergen og nokre mindre, mest landsens høgskular spreidde rundt om. Desse høgskulane har fleire solide fag- og forskingsmiljø. Men vi slit med å rekruttere studentar. Og for mange av dei studentane vi slepper inn, har dårlege karakterar frå vidaregåande skule. Om nokre år vert ungdomskulla sterkt reduserte. Kva gjer vi då?
VISJONANE om det kraftfulle Vestlandet har fått seg mange skot for baugen siste åra. Arbeidet med Vestlandsmanifestet og storverket Vestlandets historie, prisverdig sett i gang av og fullfinansiert av vestlandsvisjonære Sparebanken Vest, har så langt fått lite å seie for regiontenkinga i landsdelen vår. Med Stavangers snøgge vekst og tendensar til sjølvgod isolasjonisme i Sogn og Fjordane, er vestlandsvisjonen lenger frå verkeleggjering enn på lenge. Vestlandsrådet har nærmast sjølvdauda.
SÅ LANGT er det berre høgskulane og universiteta med nærliggjande aviser som heiagjeng, som har brydd seg om innstillinga frå Stjernøutvalet. Omgivnadene elles har så langt vore bortimot tause, med unntak av føreseielege fagforeiningar. Men er den framtidige strukturen for forsking og høgare utdanning på Vestlandet heilt uvesentleg for næringslivet i regionen? Betyr den noko for kompetansen i landsdelen, for innovasjonsevne og nytenking, for kreativitet og mangesidig næringsutvikling? Meiner f.eks. styreleiar Pål W Lorentzen, arkitekten bak Vestlandets historie, noko om saka?
DET ER LAGT opp til ein kort høyringsfrist for Stjernøutvalets innstilling. Departementet ønskjer seg visst ikkje gode regionale diskusjonar. Dermed er faren stor for at dei fleste av oss vert verande i stillingskrig i skyttargravene. Vi gløymer at innstillinga har mange spennande og fornuftige refleksjonar; om finansiering, styrking av profesjonsutdanningane, forskaropplæring, regionalt samspel osv. Utvalets største veikskap var forresten den snevre samansetjinga; heilt utan distriktsrepresentasjon. Og kvifor kan ikkje offentlege utval hente seg gode og skriveføre sekretærar t.d. frå Høgskulen i Volda, i staden for alltid å nytte seg av fåkunnige departementsbyråkratar i Oslo?
DET ER NO 40 år sidan dei første slaga om plassering av høgare utdanningsinstitusjonar på landsbygda tok til. Med stortingsvedtaka om plassering av DH-skule i Volda (1969) og Bø i Telemark (1970) fekk bygda sitt gjennombrot i det sentralistiske utdannings-Noreg. Men alt midt på 1980-talet meinte fleire av oss at bremsene burde setjast på. «Oldeidlandet på Bremanger: Døme på nes utan høgskule» skreiv vi i ein bilettekst i DH-tidsskriftet «Søkelys på Sogn og Fjordane» i 1987. Leiarartikkelen vår bar tittelen: «Høgskule på kvart nes?»
UTKANTENS spreidde høgare utdanningsinstitusjonar er i dag hardt pressa. Studentane vel oss vekk. Men kvoteregulering får vi aldri. Spørsmålet no er om utkanthøgskulane vil overleve. Svaret gir seg langt frå sjølv. Vi treng i alle fall sterke alliansepartar. Og løysinga ligg oppe i dagen: Vestlandshøgskulane må utvikle meir attraktive studiestader og betre forskingsmiljø i lag med, og gjerne som ein del av, eit velvillig og romsleg universitet med hovudsete i Bergen.
MEN EG ER stygt redd for at det ikkje er så svært mange universitetsprofessorar som helsar oss velkomne med desse velsigna orda: «Jeg hører vi skal bli kollegaer. Så hyggelig.»
Les også
Siste fra Kommentar
Relaterte bilder
TEGNING: MARVIN HALLERAKER