-
KONSERVATIV? Margaret Thatcher, som var mest liberalist, har fått eit eige kapittel i boka om konservatismen.FOTO: LUKE MACGREGOR
Blankpolert bremsekloss
Konservatismens kraft skal ikkje undervurderast, for vi har alle ein flik av den under huda. Likevel har det gått framover i verda.
AV: olav kobbeltveit
Skilnaden på konservativ og reaksjonær? Bonden kan brukast som døme. Den konservative bonden godtek – om enn under tvil – at føregjengaren fjerna steinane frå marka. Den reaksjonære går i steinrøysa og ber dei tilbake til marka.
Den klåre definisjonen av konservatisme ligg likevel ikkje heilt oppe i dagen. Som forfattarane påpeikar manglar konservatismen dei klåre ideologiske aksioma – grunnsetningane – som til dømes liberalisme og sosialisme er tufta på. Men det ser mange konservative som ein fordel. Dei vil gjerne tilhøyra ei rørsle dei oppfattar som anti-ideologisk, anti-teoretisk og kanskje også anti-dogmatisk. Samfunnets konserverande kraft. Bremseklossen. I denne boka blir han pynta med tung filosofi like tilbake til antikken. Ein filosofi som er meir tilbakeskodande og notidsorientert enn framtidsretta. Kanskje skal det gå framover. Men ikkje for fort.
Kommentarar? Bruk feltet under.
Les også
Siste fra Kommentar
Torbjørn Røe Isaksen og Henrik Syse har skrive boka "Konservatismen".
Dei presenterer 21 konservative tenkjarar frå Aristoteles til Francis Fukuyama.
David Hume og Edmund Burke står sentralt.
Noreg er representert ved C.J. Hambro.
KOMMENTARER Våre regler