Forskar på miljøvenleg tankegang

– Kvifor er alle så opptatt av klima no? Det er femteklassingane ved Haus skule som spør. Svaret kan sikra elevane ein nasjonal forskingspris.

– Om all isen på Grønland smeltar, stig havet med sju meter. Det var eg ikkje klar over før vi starta å jobba med dette, fortel Rebekka Lundgren Eidsnes.

– No tenkjer eg meir på kor farleg klimaendringane kan vera, seier Birte Heinesen Katle.

I to månader har dei jobba seg fram mot svaret på kvifor vi no er meir opptekne av miljøet enn tidlegare. Fredag fekk innbyggjarane i Haus høve til å diskutera miljøspørsmål med 5. klassingar over eit glas jus.

Detektivarbeid
Som deltakarar i forskingskonkurransen Nysgjerrigper, har klassen vore i kontakt med Bjerknessenteret, Storm Weather Center og forskarar ved Universitetet i Bergen.

– I tillegg har vi sendt ut ei undersøking til alle 5. klassingane i Hordaland. Til saman 214 har svara på spørsmåla, forklarer Daniel Rolland.

Femteklassingane forklarer at det er stor skilnad på engasjementet for miljøet blant elevane i undersøkinga og innbyggjarane dei har intervjua.

– Alle bryr seg om miljøet, men vi merka at det ikkje var alle skulane som var like positive til spørsmål kring miljøet, samanlikna med dei vi intervjua her, fortel Eidsnes.

Forskingsstipend
Kor høgt klassen kjem i den nasjonale konkurransen er enno uvisst, ettersom arbeidet først vert avslutta og presentert komande fredag. Positiv respons har dei likevel fått tidlegare i prosessen.

– Forskingsrådet gav oss to tusen kroner i forskingsstipend for å ta føre oss dette temaet, seier kontaktlærar Robert Flatås.

Godord om skuleprosjektet vankar òg frå Einar Johnny Selvik som fredag vart intervjua av elevane.

– Tiltaket er kjempeflott. Dei er framtida, og om desse elevane som no er med på prosjektet endar opp som politikarar, kan det skje mykje godt framover, meiner han.

Nye vanar
I ein del av prosjektet fekk bilar i lokalmiljøet passet sitt påskrive.

– Vi aksjonerte mot bilar som sto på tomgang, der vi delte ut lappar der det sto ”Det du spyr ut stinker”, seier Birte Heinesen Katle.

– Nysgjerrigper-engasjementet har òg sett spor i heimen i form av endra vanar. Medan enkelte har fått kompostkvern, har andre kutta i tida framfor fjernsynet.

– Mor mi har vorte flinkare til å slå av TV-en og skru av lyset. Og når ein er ferdig å bruka noko av det elektriske, tek vi ut stikkontakten med ein gong, fortel Sigrid Monstad.

Mindre papir
Kontaktlærar Robert Flatås merkar at elevane er genuint engasjerte i miljøsaka, og rosar innsatsen deira.

– Dei får prøva seg som forskarspirer, samt å setja fram ei hypotese, gjennomføra undersøkingar, tolka og systematisera data. Vi har vorte fortalde at det er eit svært ambisiøst og stort prosjekt, forklarer Flatås.

Før Bygdanytt forlet miljødetektivane får kontaktlæraren med slagordet ”Bruk hodet – vi har bare en klode” sjølv melding om å verta meir miljøvenleg.

– Robert burde verta flinkare til ikkje å gi oss så mykje papir. Då hadde vi ikkje fått så mykje lekser, kjem det frå ein særs samstemt gjeng.

Les også

Siste fra Arna og Osterøy


Miljøtips frå Haus-elevane:

* Ta buss

* Kjøp el-bil

* Kjøp brukte ting

* Køyr mindre bil

* Ta mindre fly

* Trekk ut støpselet

* Slå av lyset

* Bruk handlenett i staden for plastikkposar

Relaterte bilder

NYSGJERRIGPERAR: Femteklassingane ved Haus skule lurer på kvifor alle er så opptatt av klima for tida. Bak f.v, Rebekka Eidsnes, Martin Veseth, Sondre Seles, Henrik A. Hestnes, Martin N. Mjøs, Eivind Vikne, Malin Rolland, Sigrid Monstad, Anna Lorentze Galaz, Lisa Mostrøm, Andrea Haugland. Framme f.v. Silje L. Stokke, Helga Teigland, Anders Stokke, Daniel Rolland, Sondre Mjelde, Birte Katle, Ann Cathrine Myking og Kristine Antun. Foto: Janne G.Sørgulen