Sparer stort på å fyra med gass

Med gassoppvarming av Ådnamarka Borettslag, er verken utsleppa, kostnadane eller vaktmeisterjobben lenger det den ein gong var.

Då den gamle oljefyren song på siste verset, valde Ådnamarka Borettslag å gå for gass. No har laget over 60 prosent lågare straumutgifter.

– Då eg starta her for to år sidan, var det 35 grader, sot og røyk i fyrrommet. Oljekjelen hadde eit stort varmetap. Vi fyrte for kråkene, seier vaktmeister Rolf Mykkeltvedt.

Gassanlegget er effektivt, og gjev mindre utslepp enn oljefyrt sentralvarme. Den propandrivne kjelen har ein effekt på 97 prosent. Den gamle oljefyren låg på 70 prosent.

På nett
Ådnamarka Borettslag var, som ei av dei første blokkene i Arna, utstyrt med oljekjele til sentraloppvarminga. Innføringa av gass har ført til ei kraftig modernisering av fyrrommet. Sidan installeringa for vel eit år sidan har anlegget vorte overvaka og styrt over internett.

– Sjølv om eg skulle vera på ferie, har eg no høve til å kontrollera fyrrommet, fortel vaktmeisteren.

– Og skulle det skje noko gale med anlegget, har vi begge ein alarm som varslar oss på mobilen, seier styreleiar Rune Henriksen.

Har burettslaget brukt store mengder gass, er det heller ikkje fare for at dei som bur der vert ståande utan varme. Ein peilar i tanken gjer det mogleg for Statoil å sjå kva tid det trengst ny forsyning.

– Ser dei at Liatun Borettslag, som òg har gasskjele, treng ny forsyning, leverer dei til begge burettslaga i same slengen. Dei sparar køyrekostnadar. Vi sparar straum, forklarar Henriksen.

Miljøvenleg
Gassanlegget i Ådnamarka har redusert CO2-utsleppa med 20 prosent. I tillegg er utsleppa av nitrogenoksid redusert med 70 prosent. Støvpartiklar er eit ikkje-eksisterande problem.

– Den totale investeringa ved overgang til ny oppvarming var til saman rundt 1,1 million kroner, men har likevel ikkje ført til ein auke i husleiga, seier styreleiar Henriksen.

Leverandøren av gasskjelen har i ettertid nytta Ådnamarka Borettslag som døme på kva verknader byte til gasskjele kan ha. Med representantar frå burettslag utan gasskjele på visitt, vankar det mange spørsmål til styreleiar og vaktmeister.

– Dette oppmodar vi på det sterkaste andre til å gjera òg, seier Henriksen og Mykkeltvedt.

Heilgardering
Sjølv om burettslaget i 2007 utelukkande har nytta gassoppvarming, er det ikkje snakk om å fjerna den siste oljefyren med det første.

– Det er aldri godt å vita om staten plutseleg set opp prisane. No kan vi velja å bruka oljekjele, el-kjele eller gasskjele. Ei lita forsikring overfor oss sjølve må vi ha, meiner Mykkeltvedt.

At dei 97 bustadene no berre har éin straumleverandør og felles nettleige, er ei av årsakene til at straumkostnadene har vorte meir enn halverte. Sjølv om gass er mest miljøvenleg, ser Henriksen og Mykkeltvedt gevinsten ved å heilgardera seg.

– Vi har eit firma som fortel oss kva som er billegast å fyra med frå veke til veke. Eg har høyrt at det skal vera billegare med straum om sommaren. Men hittil har vi berre nytta gasskjelen, seier vaktmeisteren.

Les også

Siste fra Arna og Osterøy

Relaterte bilder

NYE TIDER: Å byta ut oljekjele med gasskjele har vore eit økonomisk sjakktrekk for Ådnamarka Borettslag. F.v: Vaktmeister Rolf Mykkeltvedt og styreleiar Rune Henriksen. Foto: Janne G. Sørgulen