– Dette er til å grina av
Tilgrising og forsøpling kring returpunktet på Valestrand har lenge vore eit problem. No forsvinn delar av tilbodet.
AV: janne g. sørgulen
Plastsprøyter, mikrobølgjeomn, datamaskin og yoghurtbeger i ei salig blanding. Utvalet av boss ved returpunktet bak ballbingen på Valestrand er mangfaldig.
– Synet som møter oss her er nesten slik at ein får lyst til å grina, seier ein oppgitt Sigbjørn Hansen i BIR.
Han har som arbeidsoppgåve å rydda returpunkt i BIR sitt område. Då han skulle rydda på Valestrand onsdag, vart det, mot normalt, naudsynt med fleire hender.
– Her kjem gjerne fuglar og dyr som sprer søppelet utover. Tidlegare har eg fjerna både kjøleskåp og fjernsyn frå elva som går attmed her, fortel han.
Telefonklager
Forsøplinga har ført til at BIR har fått jamnlege telefonar om problemet. Fleire innbyggjarar har sett seg leie av synet som møter dei når plast, glas eller papp skal til gjenvinning.
– Dette er noko med det verste eg har sett. Kven er det som grisar til leike- og idrettsplassen til born på denne måten? Her må det ha vore fleire personar på ferde, meiner informasjonskonsulent Tina Skudal etter å ha sett bilete av staden.
Ifølgje henne vert no returpunktet for glas og metall flytta til ein meir open plass. Tanken er at det skal gjera det vansklegare for forsøplarane å dumpa boss utan å verta sett. Containarane for plast og papp vert fjerna.
– Det er frykteleg synd at vi må gjera det slik. Det vert jo ei form for kollektiv straff, seier informasjonskonsulent Tina Skudal.
No må hushaldningane nytta sine eigne dunkar for papir, papp og drikkekartong. Plast vert òg henta heime hjå innbyggarane.
Provosert
Kari Aakre Høgli er ein brukarane av returpunktet. Ho er ein av mange som ikkje er nøgd med korleis det ser ut i området.
– Seinast førre fredag ringde eg sjølv til BIR for å klaga over korleis det såg ut her. Eg vert beint fram provosert av denne tilgrisinga. Kva signal gir ikkje det til borna som leikar her? Det må jo vera vaksne menneske som har gjort dette, seier Høgli.
– Men det er i alle fall bra at det vert tatt tak i problemet. Slik det ser ut no kan det ikkje vera. Dette er jo eit svært fint område, og det er mange som går tur her, fortel ho.
Høgli håpar no at området vert presentabelt til grunnlovsdagen.
–17. mai-toget går jo rett forbi her, avsluttar valestrendingen.
Bot
BIR-arbeidar Sigbjørn Hansen og medkollega Kenneth Klever har ein eigen metode for å finna fram til skuldige forsøplarar. Under arbeidet med å fjerna bosset fekk dei napp denne gongen.
– Når vi finn ut kven som står bak ugjeringa, melder vi frå til kommunen. Er det fare for forureining, går saka vidare til politiet. Vedkomande kan då rekna med å bli bøtlagt, seier Hansen.
I dette tilfellet på Valestrand vert det aktuelt å kopla inn politiet.
Les også
Siste fra Arna og Osterøy
Relaterte bilder
FORSØPLING: Sigbjørn Hansen fann litt av kvart då han rydda returpunktet på Valestrand denne veka. Foto: Janne G. Sørgulen