Rekordopplag for Bygdanytt
Bygdanytt auka opplaget med 241 i fjor. Prosentvis er framgangen den nest største i Hordaland.
AV: andré leknessund wik
I går vart avisene sine opplagstal for 2007 offentleggjorte. Bygdanytt selde 4.536 eksemplar av kvart nummer i fjor, mot 4.219 året før. Det er ny opplagsrekord, og ein framgang på 5,6 prosent.
I prosentvis vekst plasserer det Bygdanytt framfor ein annan opplagsvinnar, Bergens Tidende (+ 592), men bak Fanaposten. Lokalavisa i nabobydelen gjekk fram med heile 341 årseksemplar.
– Opp seks år på rad
– Eg er sjølvsagt svært glad for opplagsveksten. Det er kjempeflott å få endå eit år med framgang. Vi har hatt ein kontinuerleg auke dei siste seks åra, og det er sterkt i ei tid der mange aviser opplever det motsette. Ekstra hyggjeleg er det at opplagsveksten i 2007 er den største i heile denne perioden, seier Tysse.
Produktutvikling
Då han overtok redaktørstolen i 1984, hadde avisa eit opplag på 3400. Tysse tolkar veksten dei siste åra som eit uttrykk for at Bygdanytt står sterkt i lokalmiljøet, og at lesarane er nøgde med stoffet.
– Produktutviklinga vi har gjennomført dei siste åra, ved å heva kvaliteten på avisdesignet og det redaksjonelle innhaldet, er nok - saman med eit betre organisert salsarbeid, mykje av forklaringa, trur redaktøren.
– Kan veksten halda fram?
– Ja, det trur og håpar vi. Dersom utviklinga vi har sett i byrjinga av dette året, held seg utover, reknar vi med opplagsvekst også i 2008, seier Tysse.
Han føyer til at den flotte opplagsutviklinga medverkar til å styrkja selskapet Bygdanytt AS, som leverer gode resultat til sin eigar.
– Svært gledeleg
– Det er svært gledeleg at Bygdanytt gjer det så skarpt. Det er også gledeleg at lokalavisene generelt står sterkt, meiner styreformann i Bygdanytt AS, økonomidirektør Terje Rasmussen i Bergens Tidende.
BT eig lokalavisene Askøyværingen, Fanaposten og Bygdanytt.
– Vår tru på lokalavisene har vore stor heile tida. Årets opplagstal berre stadfestar dette. Vår filosofi er å la lokalavisene få utvikla seg i eigen regi, men med Bergens Tidende som støttespelar og økonomisk fundament, seier Rasmussen.
I løpet av fjoråret lanserte Bergens Tidende nettsatsinga «lokallokal». I Arna og Osterøy skjer drifta i tett samarbeid med Bygdanytt. Terje Rasmussen meiner dette produktet bidrar til å styrka både Bygdanytt og Bergens Tidende ytterlegare.
Les også
Siste fra Arna og Osterøy
Relaterte bilder
KJØRER PÅ: Redaktør Hallvard Tysse (til høgre) jublar saman med eit knippe av dei Bygdanytt-tilsette: Endre Maurstad Lilletvedt (bakerst), Sissel Isaksen, André Leknessund Wik, Hilde Rabben, Ronny Bertelsen og Johnny Trefall. Foto: Janne Sørgulen