Kostar Osterøy to skular
For Osterøy kommune svarar renteoppgangen til eit heilt års drift av barneskulane på Hamre og Hjellvik.
AV: andré leknessund wik
Det er ikkje berre prisen på bustadlånet til deg og meg som har skote i vêret. Sentralbanksjef Svein Gjedrem har gjort livet monaleg surare også for Osterøy-politikarane. Dei 13 rentehoppa sidan juli 2005 har nemleg auka kommunen sine årlege utgifter med heile fem millionar kroner.
Svarar til to barneskular
- I løn, arbeidsgivaravgift, materiell etc. – men minus reinhald, kostar det Osterøy kommune 2,6 millionar kroner å driva Hamre skule i eitt år. Hjellvik skule ligg budsjettmessig noko lågare enn Hamre, opplyser kommunalsjef for opplæring og bibliotektenesta, Astrid Brandal Øvsthus.
I og med at Hamre skule har 32 elevar og Hjellvik 29, svarar til renteauken altså kostnaden med å halda over 60 elevar med grunnskuleundervisning på to grendeskular.
Ti sjukeheimsplassar
Fem millionar kroner er også identisk med kostnaden for å driva ti sjukeheimsplassar i eitt år. Ifølgje kommunalsjef for helse- og omsorgstenesta, Trine Grønbech, ligg utgiftene for ein sjukeheimsplass på om lag ein halv million kroner i året.
Ein barnehageplass kostar rundt 100.000 kroner i følgje Statistisk sentralbyrå. Fem millionar kroner ville altså kunne betala for 50 barnehageplassar.
220 mill. i gjeld
Opplysningar Bygdanytt har fått frå økonomiansvarleg Magne Verpelstad viser at Osterøy kommune har om lag 220 millionar kroner i gjeld.
I juni 2003 batt kommunen 54 millionar kroner av lånegjelda opp til fastrente – med ein nominell rentesats på 4,76 prosent.
Men 166 millionar kroner har flytande rente. Det er såleis dei månadlege utgiftene knytt til denne delen av lånegjelda som har skote i vêret i takt med rentehevingane frå Noregs Bank.
Frå to til seks prosent
Frå 12. mars 2004 til 1. juli 2005 var styringsrenta 1,75 prosent, og den nominelle rundt to. Det var først i 2006 at den kvartalsvise stigninga for alvor byrja, som knappe to år seinare har gitt ei styringsrente på 5,25 prosent – og pressa bustadrenta over seks.
- I dag er den gjennomsnittlege nominelle renta på Osterøy si flytande lånegjeld, 5,9 prosent, opplyser Magne Verpelstad.
Opp minst fem millionar
I 2005 betalte kommunen 17,3 millionar kroner i renter og avdrag på låna sine. I budsjettframlegget for 2008 føreslo rådmannen å setja av 22,7 millionar kroner til å dekka låneutgiftene. Det er 5,5 millionar kroner meir enn i 2005, og ein sum som utelukkande skuldast renteoppgangen. Vedteke budsjett avset ein mindre sum; 21,5 millionar kroner.
- Renteutgiftene blir truleg om lag fem millionar kroner høgare i 2008 enn dei var i 2005, er økonomiansvarleg Magne Verpelstad si vurdering.
Sentralbanksjefen sine handlingar har med andre ord mykje å seia når politikarane skal saldera budsjettet til Osterøy kommune.
Men eit plaster på «såret» er at finansekspertane no trur rentetoppen er nådd. Dei fleste spår at sentralbanksjef Svein Gjedrem vil gå for rentekutt til hausten.
Rentehoppa
Slik har sentralbanken endra styringsrenta sidan januar 2004:
29. jan. 2004: 2%
12. mars 2004: 1,75%
1. juli 2005: 2%
3. nov. 2005: 2,25%
17. mars 2006: 2,5%
1. juni 2006: 2,75%
17. aug. 2006: 3%
2. nov. 2006: 3,25%
14. des. 2006: 3,5%
25. jan. 2007: 3,75%
16. mars 2007: 4%
31. mai 2007: 4,25%
28. juni 2007: 4,5%
16. aug. 2007: 4,75%
27. sept. 2007: 5%
13. des. 2007: 5,25%
Les også
Siste fra Arna og Osterøy
Relaterte bilder
RIMELEGARE ENN RENTA: Elevar og personale er kjempeglade i skulen sin på Hjellvik ¿ og billege i drift for kommunen. Då er det verre med gjelda. Ved å setja opp renta 13 gonger sidan 2005 har sentralbanksjefen auka Osterøy kommune sine årlege renteutgifter med fem millionar kroner ¿ dobbelt så mykje som det kostar å driva denne skulen. Foto: André Leknessund Wik
HAMRE: Bygdeskulen med 32 elevar kostar kommunen 2,6 millionar kroner å driva. Også det peanuts i høve til lånegjelda. Foto: André Leknessund Wik