Lagar eigen bygdepark
Med lysthus og disser skaper grendarådet ein ny samlingsstad for bygda.
AV: lars sveinung lid
- Ikkje rør benken, den er nymåla!
Det er tysdag ettermiddag i Fotlandsvåg sentrum, og hammarslaga frå dugnadsgjengen rullar over Herlandsvatnet. Mennene spikrar, kvinnene malar og ungane prøver å ikkje få noko av malinga på kleda.
- Sonen min kallar området for ”Maleparken”, ler kasserar i grendarådet, Aina Dyrkolbotn, og ser seg nøgd rundt.
For om lag ti år sidan var dette området ein skrothaug. Så blei det planert, og i løpet av hausten aktar Fotlandsvåg grendaråd å gjera det om til park og ein ny samlingsstad i Fotlandsvåg.
Området er delvis inngjerda, og benkar, sandkasse og ein del plantar er allereie på plass. Maling har grendarådet fått frå lokale næringsdrivande, og lokale entreprenørar har sagt seg villige til å hjelpa til med planering. I tillegg har BKK hjelpt til med plantar og dissestativ, men mykje gjenstår - og grendarådet er stadig på jakt etter sponsorar.
Romantisk og kinesisk
Ved vasskanten er det nye blikkfanget i Fotlandsvåg; lysthuset, i ferd med å ta form. Paviljongen med kinesisk tak vil nok bli eit nytt landemerke i bygda, og staute karar får beundrande blikk frå Anne Lise Solberg, som er leiar i grendarådet.
- Me er så glade for innsatsen deira, seier ho og gler seg til huset står ferdig.
- Det skal ha opne veggar, men vera tørt inni. Perfekt til grilling og romantiske samtalar med frua.
Aina og Anne Lise er to av eldsjelene bak prosjektet, og damene drøymer om å endra sentrumsbiletet.
- Fotlandsvåg er ei bygd du fort berre køyrer forbi, fortel Aina.
- Det er ikkje mykje liv her i sentrum. Det skjer mykje på skulen, men den er ikkje synleg frå vegen. Denne staden er sentral, godt synleg og lett tilgjengeleg for liten og stor. Då er det lett å stoppa dersom du ser nokon du kjenner. Spesielt småbarnsfamiliane vil ha stor glede av leikeområdet.
Anne Lise og Aina vonar at det også kan hjelpa tilflyttarar å koma i kontakt med dei nye sambygdingane sine.
Tomtetrøbbel
Under idyllen løyner det seg likevel ei bekymra rynke i panna til grendarådet. Dei eig nemleg ikkje tomta. Den er privateigd, men grunneigaren har gjeve bygda grønt lys for parken. Når grendarådet skal søkja om midlar frå ulike instansar, er det likevel eit problem at tomta er eigd av ein privatperson. Dei ønskjer at kommunen skal kjøpa området på rundt 900 kvadratmeter, og det synest både grunneigaren og kommunen er OK. Det var berre dette med pengane.
- Grunneigaren her krev ikkje meir enn skarve femti tusen kroner for tomta, fortel Anne Lise.
- Kommunen selde ”doktorbustaden” her for over ein million. Det kunne godt ha dryppa litt tilbake på oss her i Fotlandsvåg, det er uansett berre snakk om smular.
Politikarane var på synfaring på tomta i sommar, og grendarådet skal ha møte med kommunen seinare i haust. Rådet vonar det blir sett av pengar på budsjettet for 2009. Ordføraren har i alle høve lova å opna parken, og Aina og Anne Lise vonar det ikkje blir lenge til.
Les også
Siste fra Arna og Osterøy
Relaterte bilder
FOTO: Lars Sveinung Lid
FOTO: Lars Sveinung Lid
FOTO: Lars Sveinung Lid