Innbrotsraid i båthamna
Sjølv om nattevakta var på plass, tok tjuvane seg frå båt til båt inne på hamna. Båtlagsformann Martin Våge fortvilar.
AV: lars sveinung lid
Søndag morgon oppdaga forskrekka båteigarar at tjuvar hadde brote seg inn i minst femten båtar hjå Arna Motorbåtlag på Festtangen i løpet av natta.
- Me har fått stadfesta at femten eigarar har hatt innbrot, men det er mogleg at det er fleire, fortel Martin Våge, formann i båtlaget.
- Politiet har vore her og sikra spor, og me vonar at vidare etterforsking vil føra til oppklaring. Me veit ikkje heilt korleis dette har gått til, men trur dei har kome sjøvegen, gjerne med ein ”lånt” robåt. Det verkar i alle høve som om det er gjort mest ugagn på båtane som låg ytst.
- Men de har vakthald på hamna?
- Ja, vaktbua var bemanna og bommen vår låst. Det er eit mysterium korleis dette har gått til.
- Men korleis kan nattevakta ha unngått å leggja merke til innbrot i femten båtar?
- Eg har diverre ikkje noko godt svar på dette enno.
Tok stereoanlegg
Omfanget av tjuveriet er førebels ikkje heilt klart, sidan alle båteigarane enno ikkje har vore og sjekka fartøya sine. Men mange av eigarane stussa over at GPS-ar, navigasjonsutstyr og brennevin fekk stå i fred. Det fekk derimot ikkje stereoanlegga. Kor mange anlegg som er tatt, vågar ikkje Våge å spå noko om. Han veit imidlertid at også ein pc og ein TV er borte.
- Stemninga i båtlaget er ganske oppheta i dag, og det folk er mest sinte for er skadane som er gjort på dører og inventar. Dei fleste er nok forsikra, men eigendelane er store i slike saker, så hærverket svir nok meir enn tapet av elektronikken.
Ber om hjelp
Arna Motorbåtlag har aldri hatt innbrot av dette omfanget før, og Martin Våge vonar at dette også blir siste gongen. Dei siste to dagane har han og andre i laget brukt mykje tid på å ringja rundt til båteigarane for å informera om hærverket, og alle sakene blir etter kvart melde inn til politiet.
- Me håpar at dette blir oppklart så raskt som råd, og at politiet får tatt dei som har gjort dette. Våge vil også oppfordra publikum til å koma med informasjon til båtlaget dersom nokon har sett noko mistenkeleg i området natt til søndag.
Norvald Bergfjord ved Arna og Åsane politistasjon fortel måndag ettermiddag at politiet diverre ikkje har noko spor i saka enno. Det er mogleg at tjuvane har vore og rekognosert i området nokre dagar i førevegen, og politiet ønskjer gjerne tips dersom nokon har observert mistenkelege personar i området dagane før innbrotet.
Les også
Siste fra Arna og Osterøy
Relaterte bilder
FOTO: Lars Sveinung Lid