Med sjøstøvlar i operaen
Lettlest og fengslande om havet.
- Publisert: 05.okt.2009 09:08
- Oppdatert: 05.okt.2009 09:08
Vil orkestergrava i Den Norske Opera i Bjørvika snart fyllast opp med grumse sjøvatn frå Oslofjorden? Professor emeritus Bjørn Gjevik nærmar seg dette spørsmålet i ei bok om havet og tida og mennesket.
«Flo og Fjøre» er tittelen på boka, som er rikt illustrert både med gode foto og med grafikk. Forfattaren har si faglege ballast frå Matematisk naturvitskapleg institutt på Universitetet i Oslo. Det dei driv med der er vanlegvis ikkje for folk flest. Professoren har likevel greidd å gje ei framstilling av temaet som, så langt vi kan sjå, kan fanga både interesse og leselyst langt ut over dei akademiske krinsar.
Gjennom ein folkeleg forteljarstil greier Bjørn Gjevik å gje lesaren innsyn i ein del av naturvitskapen som kystfolket har baska med sidan dei fyrste menneska slo seg ned på våre kantar etter siste istida, for rundt 8000 år sidan. Og det vert ikkje mindre bask heretter heller. Attende til operahuset. Det skal tåla at sjøen kan stige opptil 2,6 meter over middelvatn. Skulle tidevatn, flo, storm og bylgjer slå seg saman, kan Oslofjorden godt stiga med i alle fall 2,4 meter, skriv Bjørn Gjevik. Då er det ikkje sikkert at lakksko er nok for å halda seg turr på føtene.
Men dette dømet er likevel av det meir kuriøse slaget frå boka. Vi lærer og at havet vert lyft opp på den sida av jorda som vender mot månen. Men korleis kan det ha seg at vatnet samstundes lyfter seg på motsett side av jorda? Jau, forklarar Gjevik, - også sjølve jorda vert dregen mot månen. Og det med ei slik kraft at vatnet på baksida så å seia vert hengjande etter. Det krev djup naturvitskapleg innsikt for å kunna forklara eit komplisert fenomen på ein så enkel måte.
Sameleis skriv Bjørn Gjevik lett og godt forståeleg om ver- og naturfenomen som er knytte til flo og fjøre. Som dei tallause straumane langs norskekysten. Dei gav rikeleg med mat til folk som slo seg ned der frå dei tidlegaste tider.
Men naturen gjev og tar. Gjevik har aust frå skriftlege kjelder for å gje eit bilete av kor dramatisk det kunne gå til når straumen fekk makt over mannskap og farkost. Stormflo har og herja stygt og krevd mange liv i fortida. Og meir skal koma, spår klimaforskarane.
Enig med vår anmelder? Si din mening her.
bok/sakprosa
- Bjørn Gjevik
- «Flo og fjære langs kysten av Norge og Svalbard»
- Farleia Forlag
Bilder
Siste kultur
-
Kjempebot til TV 2 etter Julies ulykke
Sportsanker brakk ryggen. Nå må TV 2 punge ut.
-
Muse til Koengen
Det britiske rockebandet kommer til Bergen i sommer.
-
En dannelseshistorie
Intenst og sofistikert fengselsdrama































































Kommentarer
Din kommentar