Å vere større enn seg sjølv
Liten og sterk debutroman
- Publisert: 16.feb.2009 06:00
- Oppdatert: 17.feb.2009 14:29
Gaute M. Sortland debuterer med kortromanen «Johan». Johan er ein ung gut, framleis barn, som les Donald og som ikkje minst er ute i båten saman med kameraten Iver. Johan veks opp i eit trygt bygdesamfunn ved sjøen, og båtliv og fiske spelar ei stor rolle i romanen ytre sett. Når det er grunn til å understreke at det er ein lite omfangsrik roman, i slekt med punktromanen, er det for å framheve at det vesle formatet skjerpar språket og skreller vekk det unødvendige. Igjen står ei historie som er større enn seg sjølv.
«Johan» er ei sterk forteljing som både rommar det dramatiske og det kvardagslege i livet til ungguten Johan. Romanen er komponert som to parallelle historier, den eine med kursivskrift bryt inn i hovudforteljinga og rullar opp det som byrjar som ein heilt vanleg dag i båten for Johan og Iver, for så å ende opp med at Johan ser veslesøstera liggje på botn idet dei legg til land: «Aldri har bileta gått så fort. Søstera som søv nede på sandbotnen.» At søstera dør, snur opp ned på alt, og Johan registrerer korleis både foreldre og andre oppfører seg unaturleg og annleis overfor han, noko som gjer sorga og tapet vanskelegare å bere.
Romanen følgjer Johans veg tilbake til kvardagen han hadde før søstera døde, skuldkjensla han ber på, og spørsmåla han stiller seg sjølv: «Eg har ikkje gløymt, tenker han?» Viktig i denne prosessen er møtet med Ingrid, som ber han ta vare på nokre foreldrelause kattungar, og vi anar at Johan er på veg ut av barndomen: «Alt kan skje i dag, tenker Johan.»
Siste del av romanen fortel om den første, litt usikre turen med båten saman med Iver etter ulukka, og korleis det held på å gå skikkeleg gale med Johan og. Dei blir redda av ein mann, som dei på barns vis har fantasert med skrekkblanda fryd om. Når Johan sit og ventar på at faren skal kome over og hente han, blir det tydeleg at han no er blitt så stor at han kan ta innover seg andre si sorg: «Han tenker at foreldra sikkert saknar søstera. Ser båten sige roleg fram over sjøen, og veit det er første gongen faren òg er ute i båt sidan den gong.»
GRO BYRKJELAND
Er du enig med vår anmelder? Si din mening her:
Bilder
Siste kultur
-
Kjempebot til TV 2 etter Julies ulykke
Sportsanker brakk ryggen. Nå må TV 2 punge ut.
-
Muse til Koengen
Det britiske rockebandet kommer til Bergen i sommer.
-
En dannelseshistorie
Intenst og sofistikert fengselsdrama





























































Kommentarer
Din kommentar