Litt for seint for valentinsdagen, men fint i tide for kinokveldar med nokon du er ekstra glad i, kjem det som prøver å vere årets første ultimate datefilm. Og "prøver" er nøkkelordet her, for den får det nemleg ikkje til.

Dei to CIA-agentane FDR (Chris Pine) og Tuck (Tom Hardy) er perlevener, heilt til dei båe to fell for Lauren (Reese Witherspoon). Plutseleg fell kampen mot den tyske terroristen Heinrich vekk i bakgrunnen, då dei to bestemmer seg for å starte ein anna høgteknologisk krig – mot kvarandre. Og vips, trekantdrama.

Bak denne filmen står blant anna regissøren av «Charlie’s Angels» og manusforfattaren bak «Mr. and Mrs. Smith». Då skjønar du kanskje utgangspunktet for filmen, sjølvbevisst, lettbeint og smått urealistisk action med sterke humoristiske undertonar. Dog, der førstnevnte klarte å gjere action morosamt og campy, medan kjemien mellom Jolie og Pitt i "Mr. and Mrs. Smith" redda den filmen, endar "This means war" opp med å falle mellom fleire stolar.

På den eine sida har ein det romantiske dramaet der kvinna er dregen mellom dei to mennene, på den andre sida ein actionkomedie. Sjangerblanding er artig, og av og til veldig vellukka, men då må sjangerdelane vere gode. Og problema frå dei førre filmane til McG er framleis tydelege, han er ikkje sterk på actionscener. Fleire av kampscenene er rotete og dårleg samansett, og kameraarbeidet er til tider særs forvirrande. Når dei romantiske scenene verkar pressa inn med tung hand, til dømes i ei merkeleg drøymande scene i eit sirkustelt, fell sjangermiksen frå kvarandre.

Våre to hovudagentar tek kvar si mannsrolle. Tuck er den livsnytande kvinnebedåraren, medan Tuck er den skilte pappaen med ein søken etter kjærleiken. Tom Hardy gjer ei god rolle, og det er nesten litt synd at han må vere med i denne filmen. Han leverer ei god tolking i eit hav av middelmåtig skodespel. Chris Pine derimot, har gjort ei karriere ut av å ha latterleg blå auger og kosebuskete augnebryn, og det er stort sett det han bidreg med i denne filmen.

«This means war» endar opp med å vere ein rotete film som sårt treng ei rot å hengje i. Feila er mange og store, og sjølv eit par latterutbrot frå meg klarar ikkje å redde denne filmen frå den djupe hengemyra som utgjer «dårlege datefilmar».

Samd med vår meldar? Sei di mening.