• Medan eg skreiv «En tid for alt» frykta eg mange gonger at eg var i ferd med å laga eit sært prosjekt. Eg var rett og slett redd for å bli ledd ut, vedgår Karl Ove Knausgård.

OLAV KOBBELTVEIT

— Meir enn ein gong var eg usikker på om dette kunne bli til noko. Dess hyggjelegare var det etterpå å oppleva at boka fekk såpass gode kritikkar, legg han til.

.Eg sit saman med forfattaren på ein liten formiddagskafé i Stockholm. Vi drikk cappuccino og snakkar om boka hans - og om forfattarskapet meir generelt. 36 år gammal har han vunne mykje heider og ære. Debuten «Ute av verden», som kom i 1998, oppnådde å få Kritikarprisen. Det hadde ingen debutant fått før han. Oppfølgjaren «En tid for alt»er nominert til Nordisk Råds litteraurpris, etter ei rekkje strålande kritikkar. Bergens Tidendes meldarkorps har kåra boka til den største leseopplevinga i 2004.

— Det var svært hyggjeleg, seier Karl Ove Knausgård, som har eit langvarig forhold til BT, Bergen og Vestlandet. Besteforeldra kjem frå Hyllestad, og han budde tolv år i Bergen - inkludert Skrivekunstakademiet og litteraturvitskapstudium på Universitetet. Men opphavleg er han arendalitt. No er han stockholmar. Kona, ein svensk lyrikar, debuterte også i 1998. Det var før dei møttest. I fjor fekk dei vesle Vanja, som denne helga fyller eitt år. Knausgård trur ikkje det at han er blitt far har forandra han noko særleg som person.

I Stockholm på prøve

— Men livet mitt er blitt mykje betre. Eg passar henne om dagen, og det at du har sett eit barn til verda gir ei anna forankring.

Han trivst i Stockholm, men seier han er her på prøve. Planlegg å ta familien med seg tilbake til Noreg på litt sikt. Nett no er det Stockholm for alle pengane, med husvære like ved Kungliga Biblioteket.

Somme har meint at overmotet tok overhand då Knausgård valde å setja eit eittal i ryggen på debutboka si. Vi veit om forfattarar som har angra på forskottering av trilogiar det aldri er blitt noko av.

Knausgård hadde i utgangspunktet tenkt å laga ein direkte oppfølgjar. Det fekk han ikkje til. Det vart ei heilt anna bok, der koplinga til Henrik Vankel frå «Ute av verden» først skjer etter at drygt 500 sider er passert.

I det heile sleit Knausgård med å få til den vanskelege andreboka. Men så losna det. To tredeler vart skrive etter sommaren i fjor, og då gjekk det frykteleg fort. Mykje skriving og lite søvn. Det gjekk nesten av seg sjølv, og denne prosessen omtalar forfattaren som lukke. Ja, han meiner at skrivegleda i denne perioden var så stor at ho kan seiast å ha glidd over i lukkestadiet.

Det byrja med måsar

Utgangspunktet var ein korttekst om englar som var blitt til måsar. I eit forsøk på å finna ut korleis det kunne skje dukka romanen opp, der Bibelens viktige tekstar frå det gamle testamentet er grunnstamme og rammeverk. Knausgård har gitt personane, som Kain og Abel, Noah, ei søster av Noah, liv og kjøt og blod, og tidvis framstår dei noko annleis enn i Bibelen. Englane er med heile tida, og særleg når forferdelege ting skal skje. Dei dukkar opp før Vårherre fordriv Adam og Eva frå Paradiset, og dei dukkar opp i forkant av Syndfloda. Det er englane som trør inn på scenen når synda - og syndarane - skal gå til grunne i Sodoma og Gomorra.

— Har du fått reaksjonar frå teologisk hald?

— Nei, og hadde du spurt meg for eit par veker sidan ville eg måtta svara at eg knapt hadde fått reaksjonar i det heile, bortsett frå kritikkane i aviser. Men det kan verka som om mange har lese boka mi i jula, og på nyåret har det kome ein del e-postar. Det er veldig godt. Men altså ingen frå teologiske krinsar.

Knausgård er ikkje spesielt teologisk skulert - eller interessert. Men då prosjektet tok form laut han gå relativt djupt inn i Den heilage skrifta. Der fann han mykje å byggja vidare på - det er jo snakk om store og dramatiske hendingar. Til grunn la han at det han dikta inn i romanen faktisk kunne ha skjedd. Og så er det eit viktig premiss i romanen at han har valt å tru på dei dramatiske forteljingane som står i bibelsoga.

— Elles finn eg det vanskeleg å snakka om romanane mine, seier Karl Ove Knausgård.

Olav Duun og Juvikfolke

— Stoffet mitt er av eit slag det er lettare å skriva enn å snakka om. Ja, romanen handlar i stor grad om det vi ikkje kan snakka om. Det endar lett i det banale. Men eg vonar eg har fått til ein rytme i historia, det gode og det vakre vekslar med det vonde og det dystre. Eg skriv den typen litteratur som eg sjølv likar å lesa.

— Kva les du?

— Tida på Skrivekunstakademiet og på universitetet førte meg i kontakt med alle dei store forfattarane. Som Tolstoj. Nett no les eg Selma Lagerlöfs «Gösta Berlings saga». Elles les eg Sebald. Og Olav Nygard. Eller Olav Duun. «Juvikfolke». Eg trur ingen i Noreg har skrive maken til romanverk.

— Det er romanen som er di form?

— Ja. Eg er disponert for romanen. Skulle nok gjerne ha lyst til å skriva ei diktsamling, men har inga tru på at eg ville fått det til. Ikkje er eg novellist heller. Eg er spent på Øyvind Rimbereids diktbok frå i fjor haust. Eg trur det er bra greier. Han har gått frå novella til poesien. Det er djervt gjort. Eg trur han er betre som poet enn som novellist.

— Når kjem siste boka i trilogien?

Gjeld å treffa planken

— Det veit eg ikkje. Det eg veit no er at det blir rein realisme. Kor fort eller seint det går kjem an på om eg treffer planken. Då kan det gå fort. Men eg sleit med å bli litterært forløyst frå året på Skrivekunstakademiet i 1989 til hausten 1998. I den perioden kom stipend og støtteordningar vel med. Ja, i mitt tilfelle var det heilt avgjerande. Det fortel meg at slike ordningar må takast vare på. I Sverige er forfattarane langt dårlegare stelt.

I dag går det betre. «En tid for alt» har selt i drygt 8000 eksemplar pluss rundt 5000 i bokklubb. Det er store opplag for norsk skjønnlitteratur. I tillegg er Knausgård blitt førstekonsulent på norsk skjønnlitteratur i N.W. Damm & Søn. Det kan bli ei viktig stilling i det norske kulturlivet, i eit forlag i vekst og med skjønnlitterære ambisjonar.

— Ser du noko til norsk litteratur i Sverige?

— Nei, den er nokså usynleg. Særleg her i Stockholm er det langt over til Noreg, og den jamne stockholmar er ikkje synderleg interessert i å forstå ein nordmann som snakkar norsk. I det heile er det større skilnader på Noreg og Sverige enn det vi ser på overflata, seier Karl Ove Knausgård. Han trur vi nordmenn veit mykje meir om svensk litteratur og samfunnsliv enn svenskar veit om Noreg. Men ikkje nok.

— No driv eg og skaffar meg kunnskap om svensk litteratur før krigen. Der er det mykje å ta fatt i.

ROMANFORFATTAR. - Eg skulle gjerne ha skrive ei diktsamling, men trur ikkje eg får det til. Det er romanen som er mitt format, seier Karl Ove Knausgård. <p/> FOTO: AFTENPOSTEN <p/>