Om Eirik Raude, Grønlands oppdagar, nokosinne fekk oppleva like mykje skrik og skrål som under ein Grand Prix-finale, er vel heller tvilsamt. Men faktum er at ein av favorittane lørdag kveld, Helene Bøksle, ber fram eit tema henta frå Eirik Raudes saga.

Tittelen på songen, Vardlokk, kjem frå det norrøne vardlokkur, som betyr noko slikt som å påkalla åndene. Teksten er skriven av Cecilie Larsen, med ei fortid både i arkeologi, religion og mellomalderstudiar. Ho fortel til Universitetet i Bergen si nettavis at ho henta inspirasjon frå Eirik Raudes saga og frå eit doktorarbeid av mellomalderforskar Eldar Heide med tittelen Gand, seid, åndevind.

Googla seg sjølv Ifølgje den same nettavisa var Heide sjølv uvitande om denne samanhengen inntil han for to-tre dagar sidan googla seg sjølv. Då fann han lenke til Helene Bøksle sin heimeside, der teksten til Grand Prix-songen hennar er sett inn i sin historiske samanheng.

Teksten byggjer på Torbjørg Lislevolves spådom i samband med uår og øydelagde avlingar hjå den norrøne busetjinga på Grønland. Sentralt i denne historia er ei ung kvinnes kamp med seg sjølv, då ho som kristen må bera fram eit kvad for å få kontakt med den norrøne åndeverda.

Og det er slike ting Heide si avhandling handlar om, og doktorgraden hans er også brukt som kjelde. Sentrale uttrykk her er gand og seid, som har samanheng med trolldomskunst. Heide utviklar ein teori om at seiding gjekk ut på å spinne trådar, åndetrådar som ein sende i veg for å trekkja til seg åndene si kraft.

www Trekkjer vi dette endå litt vidare, kan vi førestelle oss at trådane som kvinnene sender ut med sine trolldomskvad til slutt vart til eit nett som omfamna heile verda.

Dette nettet finst framleis, i dag gjerne omtala som world wide web, og det var altså ute i dette nettet Eldar Heide sitt doktorarbeid om norrøn trolldom møttest med Helene Bøksle sin Grand Prix-song.

Det skulle Eirik Raude ha visst. Hadde han levd i dag, hadde han nok snudd seg i grava.