Kva gjer ein forfattar som debuterte med ein 700 siders roman og for den fekk lovord på lovord og så Kritikarprisen? Jau, han held fram som han stemner. Seks år seinare opnar Karl Ove Knausgård (biletet) sin andre roman, på ringe 560 sider, med å nøsta opp historia til englane:

«Av en eller annen grunn har kjerubene, disse fetladne og rødkinnede guttebarna som senrenessansens og barokkens malerier svømmer over av, blitt stående i bevisstheten vår som selve bildet på englene. Og helt galt er vel ikke det, siden englene i denne epoken på mange måter var i sine velmaktsdager. Samtidig representerer den vendepunktet i deres historie. Det var få som forstod det da, men forfallet hadde allerede inntrådt, og for oss, som kan betrakte bildene av dem i lys av den tid som har gått, er tegnene tydelige: de har noe griskt og fordegget over seg, som selv ikke den mest innsmigrende positur kan skjule, og det er kanskje det vanskeligste å forstå, hvordan uskylden og renheten, hvis attributter de hele tiden holdt fast ved, så lett kunne la seg snu til sin egen motsetning. Men det var akkurat det som hendte. Mange vil si at englene fikk som fortjent, siden de ikke hadde vett til å stoppe, men lot seg lokke stadig lenger inn i den verdenen de var satt til å tjene, og til sist var fanget i den. Meg forekommer det at den fryktelige skjebnen de har fått, ikke helt står i forhold til syndene deres. Men det er min personlige mening. For englene spiller det likevel ikke lenger noen rolle. De husker ikke lenger hvor de kommer fra eller hvem de var, begreper som verdighet og høytidelighet har ingen mening for dem, alt de tenker på er å få i seg mat og formere seg.»

Og dette er berre byrjinga. For Knausgård går grundig til verks, til Skrifta, til kyrkjefedrar og til meir kjetterske tenkjarar, i eit breitt utval om englar, spådommar og syn, for å finna fram til dei fyrste englane, men ikkje minst; kva har skjedd med dei på vegen til notid? Eit merkeleg prosjekt, kan ein tenkja. Eit ambisiøst, ikkje minst. Og det er ingen tvil om at Karl Ove Knausgård er ein ambisiøs forfattar. Det store er at han lukkast så overmåte godt. Eg sit fengsla, ikkje berre gjennom teologiske utgreiingar om og openbaringar av englar, men òg i dei medrivande og sterkt gripande gjenforteljingane, og utbroderingane, av bibelsoga, om Kain og Abel, om Noak, om faren Lamek, systera Anna, om Syndfloda, om Lot, Sodoma og Gomorra. Alt dette med ei forteljarrøyst som held meg fast i si veksling mellom sanselege og intense naturskildringar, sterke og lysande englebilete, skarpe og klåre teologiske, idéhistoriske og filosofiske utgreiingar — og djupe og vare menneskeportrett. Skildring av den skamfulle, den innbitne, den innestengde og einsame Kain er noko av det finaste, skjøraste og såraste eg har lese på lenge.

Så kva er eigentleg prosjektet i dette næraste encyklopediske verket der det blir drive fortolkingar av Skrifta, sett spørjeteikn ved verdsbilete, der det blir vridd og vendt og undra? Eg veit sanneleg ikkje eg. For det er så mykje. Ein viktig akse er «helten» i historia, den italienske tenkjaren Antinous Bellori, og hans store verk Om englenes natur (1584): Ut frå dette verket blir nye tenkjemåtar etablerte: Englar er ikkje luftspeglingar eller fantasifoster, men konkrete skapningar som følgjer mennesket tett gjennom fleire tusen år, tidleg i historia blir alt det konkrete og abstrakte ved det guddommelege gjort abstrakt, med store følgjer, og kanskje viktigast av alt er dei siste orda til Bellori i verket sitt om englar: «Englene har falt. De er der ute et sted». Og så dreg Knausgård oss vidare, til ei øy vest i Norge, der Henrik Vankel, eg-forteljaren i En tid for alt, bur. Den same Henrik Vankel som i debutromanen til Knausgård, men no i del to kanskje endå sterkare fanga av skamkjensle og uro: «Ingenting blir noensinne avsluttet, alt bare fortsetter og fortsetter, det finnes ingen grenser, selv ikke mellom de levende og døde, også denne sonen er skjelvende og uklar».

Knausgård viser veg inn i heilt nye assossiasjonsbanar. Ein biletstraum av gripande historier der Knausgård pumpar inn kjøt, blod og kjensler i gammeltestamentlege historier, vidare til engleteoriar, tilbake til Syndfloda, inn i teologiske problem, vidare til verdsbilete og paradigmeskifte, for å enda opp midt i skamkjensle og einsemd hjå ein ung mann i dagens Norge. Truleg handlar En tid for alt mest av alt om at vårt verdsbilete berre er eitt av mange moglege. For som forteljaren spør seg: «Hva om Belloris tanker hadde vunnet fram, og Newtons sunket i glemselen? Da ville vi levd i en annen verden.» Eg er fjetra og svimmel og ser fram til å lesa En tid for alt på nytt.

MELDT AV MARGUNN VIKINGSTAD