Manger Musikklag makta ikkje å forsvare EM-sigeren frå i fjor. Heller ikkje Eikanger-Bjørsvik Musikklag nådde opp i brass-EM.

Engelske Black Dyke Band trekte det lengste strået og henta heim sigeren i brass-EM i Rotterdam fredag kveld. Brassbandet er det mestvinnande korpset i EM-historia. Dette er den tolvte EM-tittelen til engelskmennene.

Litt skuffande

Regjerande europameister Manger Musikklag enda på ein litt skuffande sjuandeplass, medan regjerande noregsmeister Eikanger-Bjørsvik Musikklag kapra fjerdeplassen.

  Begge dei to nordhordlandskorpsa var rekna i favorittsjiktet i EM, og sette sitt preg på meisterskapen frå første tone fredag ettermiddag. Begge korpsa var nøgde med innsatsen etter konkurransen, men er litt skuffa over plasseringane.

- Det var ikkje slik me håpa på, men me er ganske nøgd med framføringane. Me visste at musikalske val ville spele inn, og at konkurransen var knallhard, seier nestleiaar i Eikanger-Bjørsvik, Viggo Bjørge. Han gratulerer Black Dyke Band med sigeren, og dei belgiske og nederandske korpsa som kapra dei to andre pallplassane.

Bjørge, uttalte i BT laurdag at både Manger og hans eige korps kunne spele det beste dei nokon gong hadde gjort, og likevel ikkje vinne. Og dei ville ikkje ha noko å skamme seg over.

Han skulle få rett. Særleg Manger imponerte med det sjølvvalde nummeret laurdag, men makta ikkje å overtyde dommarane, sjølv om superlativa hagla både på Twitter og andre nettstader etter framføringa av Oliver Waespis «Audivi Medie Nocte». Brassnettstaden www.4barsrest.com heldt lenge korpset som vinnar av det sjølvvalde programmet.

Nils-Arne Træland
... nesten som å spele på heimebane i Grieghallen under NM.

Styreleiar og tubaist Nils-Arne Træland i Manger var nøktern optimist etter framføringa laurdag.

- Vi gjorde det vi hadde øvd på og heldt avtalane våre. No kan vi ikkje gjere anna enn å vente, sa han.

Mange tilreisande

Tittelforsvararen håpa på førehand på ei plassering blant dei fem beste, men nådde ikkje den målsetjinga.Træland innrømmer at han er litt skuffa over sjuandeplassen, men seier at slik er konkurransen. Han er imponert over støtta frå over 200 tilreisande nordhordlendingar og andre støttespelarar i salen.

- Stemninga har vore fantastisk. Det har vore eit enormt trøkk i salen, nesten som å spele på heimebane i Grieghallen under NM, seier han.

Kornettist Rinat Arzumov er samd.

- For ei sjuk oppleving, heile salen reiste seg og jubla før med var ferdige. Ei stund eg aldri kjem til å gløyme, skreiv han på Facebook-sida si etter framføringa i konsertsalen De Doelen i Rotterdam.