Biletboka «Hva sier reven?», basert på Ylvis' hitlåt «The Fox», har eit førsteopplag i Noreg på heile 75 000 eksemplar. Men det stoppar ikkje der. På same som at songen erobra Amerika, kan det same skje for barneboka. I USA har boka fått eit førsteopplegg på 250 000 eksemplar. BTs barnebokmeldar Guri Fjeldberg meiner at dette manglar sidestykke her til lands.

— Det er nesten sensasjonelt for norske barnebokforfattar å bli lansert på den amerikanske marknaden. Det er som å vinne i lotto, seier Fjeldberg.

Parodi på barnelitteratur

Ho meiner at boklanseringa av Ylvis på den amerikanske marknaden først og fremst vil bety mykje for Svein Nyhus, mannen som har illustrert «Hva seier reven?«

— Dette er stort for Nyhus. Og her har bileta til boka kome utruleg raskt i forhold til vanleg biletbokproduksjon. Sjølv om han har hatt dårleg tid, har han teke det parodiske fullt ut, i dialog med «The Fox-videoen, og verkeleg fått utnytta talentet sitt, seier Fjeldberg om Nyhus.

Det hjelp sjølvsagt at Ylvis kan vise til internasjonal suksess med låten boka er inspirert av, påpeiker barnebokkritikaren.

— Det er fascinerande at boka kjem i eit så stort opplag. Men kven oppfattar ironien? Det er spesialiteten til Ylvis. Dei lagar utruleg morosame parodiar, og det er «Hva seier reven?» også eit døme på. Den er ein parodi på heile barneboksjangeren,

Barnehumor

Fjeldberg trekk fram at barneboka til Ylvis har ein dobbelheit som også vil appellere til den vaksne lesaren.

— Det gjer at boka får eit breiare publikum. Men den kan bli krevjande å lese høgt, særleg om ein har «The Fox» i bakhovudet. Det ultimate hadde derfor vore om det hadde følgt med ei lydbok, meiner ho.

Barnebokkritikaren synest det nesten er pussig at Ylvis ikkje har kome på å lage ei barnebok tidlegare, ettersom humoren deira eignar seg så godt for barn.

— Ylvis har mykje barnleg glede av det dei gjer, og det ser ein i TV-showet: det er gøy også for barn.

- Er dette mjølking av suksessen?

— Det er greitt å mjølke suksess om det er kvalitet. Og her bidreg Svein Nyhus til at dette blir noko nytt, sjølv om det er kort avstand mellom video og tekst, svarar Fjeldberg.

Juleslager

Ho ventar no berre på at Ylvis lanserer ein mobil-app av «Hva sier reven»?.

— Det ligg i korta at det blir neste trinn, særleg her når ein har musikk til å lydsette. Boka blir fort ein salssuksess, og kjem nok til å liggje ved salsdisken fleire stader midt i førjulstida. Det einaste er vel at nokon fort kan få fire eksemplar av «Hva sier reven»? til jul, spår bokmeldaren.