— For å ta det viktigaste først: Heiter det nyhende eller nyheiter på korrekt nynorsk?

- Eg synest ordet nyhende er nærast arkaisk, så eg bruker nyheiter

. — Og moglegheit eller mulegheit?

- Det same der, mulegheit er mest naturleg. Eg seier og Norge, og ikkje Noreg, sjølv om det er korrekt nynorsk.

— Du er med andre ord oppteken av språket?

- Ja, det held eg lange foredrag om, men det når jo ikkje inn. I vårt yrke er språket vårt viktigaste instrument, men det vart forsømt i redaksjonane. Redaktørane er ikkje flinke nok til å drive språkrøkt blant journalistane. Resultatet vart at vi alle snakkar som politikarane, som stortingsdokument.

— Som nyheitsopplesar kjem du på eit vis heim til folk i stovene deira. Korleis taklar du det?

- Eg førebur meg godt, formulerer nøye dei setningane eg skal lese, slikt at bodskapen blir klår og presis. Sjølvsagt er det verre på direkten i Nyhetskanalen, der mykje må improviserast. Men då òg freistar eg å formulera meg klårt.

— Har du spesielle kjensler knytt til kvelden i dag, din siste som ankermann i TV 2?

- Ja, det vart rart, men det følast riktig og godt. Eg har alltid sett for meg at eg skulle jobbe til eg vart 70 år. Men no fekk eg eit tilbod som eg takka ja til.

— Du var ein del av det første kullet med journalistar frå DH i Volda i 1973. Kva er den største skilnaden på faget vårt 30 år seinare?

- Det er eit kjempespørsmål eg kan seie mykje om. Den gongen evaluera vi alle sendingane våre nøye. Eg var i NRK Radio, og laga reportasjar vi jobba mykje med. No berre produserer vi, fort og mest mogleg på kortast mogleg tid. Journalistikken er blitt ein fabrikk, der kvantiteten og ikkje kvaliteten gjeld.

— Kva er den mest dramatiske sendinga du har vore med på i desse åra?

- Oj, den er ikkje lett å ta. Eg var på ferie den 22. juli 2011, men vart kalla inn på vakt. Eg las opp alle namna på dei som vart drepne den dagen. Det var ein jobb eg ikkje kjem til å gløyme.

— Ei djup røyst gjev eit høg truverd, seiast det. Er du samd?

- Ja, dessutan er røynsle viktig. Ser vi rundt til dei store TV-kanalane i verda er det ikkje mange som har eit anker under 60 år...

— Men du kan òg spøkje. Du introduserte vêrdama Eli Kari Gjengedal med eit stev. Fekk du reaksjonar?

- Ja, mange, og på fleire flatar, som dei heiter. Men eg fekk ikkje kjeft av nokon.

— Og no, som pensjonist, skal du syngje meir opera?

- Det er rett at eg er svært glad i opera, og syng gjerne med. Men det spørst om stemma er øydelagt. Det første eg skal gjere er å friske opp pianospelinga. Eg fekk eit piano til 50-årsdagen, men har ikkje vore flink nok til å nytte det. Min største hobby er likevel Colin Archer-skøyta som eg kjøpte då eg budde på Sotra. Den skal både vølast og speglast no som eg vart pensjonist.