Amerikanske Esperanza Spalding er hovudattraksjonen påkveldens Nattjazz-program, og spelte til stor jubel for glade jazzfolk. Draktenho hadde på seg var ekstra spesiell for høvet – ein tuxedo designa avT.Michael, som driv butikk like rundt hjørnet for scena i Vågsbunnen.

Hylla frå scena

Designaren blei hylla av stjerna frå scena, og etterkonserten var Spalding full av lovord om både mannen og plagget.

— For ein meister. Det er ei ære! Den er vakker - eg skulleønskja eg kunne sleppa unna med å ha den på meg kvar dag. Den er så komfortabelog vakker – wow, seier stjerna til BT like etter konsertslutt fredag kveld.

Fulle hus

Publikumspågangen på festivalen er merkbart større i kveld –på den gamle grusplassen som er blitt til utescena Kaien stod folk som sild itønne. Elles på programmet i kveld står blant andre Bugge & Friends,Highasakite, Splashgirl og Maya Vik.