Leirvik
Kameraet på Stord viser bilde mot bussterminalen og snøggbåtterminalen på Leirvik.
Leirvik er regionhovudstad i Sunnhordland og administrasjonshovudstad i Stord. Kommunen med 17.000 innbyggjarar tok bystatus i 1997.
Strandstaden Leirvik vaks fram som ein småby etter 1950 då industriaktiviteten på Kjøtteinen (Stord Verft - seinare Aker Kværner Stord) tok seg opp til nasjonal elitedivisjon med skipsbygging og seinare konstruksjon av plattformer og modular for oljeindustrien. Samstundes gjekk det tilbake med gruveaktiviteten på Litlabø og trebåtbygginga i Sagvåg.
Bergen heldt utviklinga på Leirvik tilbake med sine gamle handelsprivilegiar. Men frå 1860 starta den vesle strandstaden veksten fram mot ein hektisk kystlandsby inst i ei ypparleg hamn på søraustspissen av Stordøya. I dag har Leirvik om lag 10.000 innbyggjarar. Trass etablering av store handelshus og spesialforretningar på det tidlegare industriområdet Heiane, har Leirvik halde skansen som «byen» i Sunnhordland.
Vikjo som det heiter på folkemunne opplever ei revitalisering ved at stadig fleire flyttar tilbake til sjøen. Ei rekkje bustadkompleks med alt frå enkle til luksuriøse husvære er reist dei siste åra, og nye planar står for tur. Det gjeld blant anna hamneområdet ut mot moloen, som er planert ut med sikte på nye servicefunksjonar. Sommaren 2006 kom Sissel Tolaas sin skulptur "Storddør" på plass ytterst på moloen etter ein lang og konfliktfylt planleggingsperiode. Leirvik mista ferjesambandet til Kvinnherad til fordel for Skjersholmane, grunna sprengt kapasitet både på ferjekaien og på gatesystema i sentrum.
Men enno er det rundt 20 daglege anløp av Tide sine snøggbåtar, lokalrutene i Sunnhordland og Flaggruten mellom Stavanger og Bergen. Etter at ferjekaien blei avvikla opna det seg i 2003 rom for bussterminalen på Leirvik kai. Utanom lokalruter for Stord, Fitjar og Bømlo, er terminalen også fast stoppestad for Kystbussen mellom Stavanger og Bergen.
Frå Leirvik er det 20 minuttars køyring til Stord lufthamn i Sørstokken, 15 minuttars køyring til Sagvåg og Litlabø, fem minuttars køyring til Aker Stord og Eldøyane næringspark, fem minuttars køyring til høgskuleanlegget på Rommetveit, ti minuttars køyring til Fjellstova, ti minuttars køyring til Skjersholmane fer-jekai, 30 minuttars køyring til Sandvik-våg ferjekai, og 50 minuttar køyring via Trekantsambandet til Haugesund. Leirvik har i dag Vinmonopolutsal, to kjøpesenter (Amfi og Bytunet) og ei rekkje butikkar langs gågata Borggata. På Leirvik torg ved rådhuset blir det selt selt mellom anna blomar, grønsaker og fiskemat.
Småbyen har også fått eit godt utval av utestader, blant anna er det laga restaurant og pub i det gamle Leirvik hjelpefengsel som blei lagt ned for 40 år sidan.