Fire prosent for dei fleste

Lønsveksten i fjor vart i snitt på fire prosent.

Lønsveksten var forbausande lik for dei fleste yrkesgrupper i fjor. Både funksjonærar og arbeidarar i industrien, og tilsette i stat og kommunar hadde i fjor ein lønsvekst på fire prosent, viser rapporten frå Teknisk Beregningsutvalg for lønsoppgjørene.

Denne rapporten blir rekna som fasiten for lønsveksten, og er utarbeidd av eit panel fagfolk frå Statistisk sentralbyrå, regjering, partane i arbeidslivet.

Men ikkje alle fekk så mykje. Både varehandelen, finanssektoren, bygg og anlegg og helseføretaka hadde lågare lønsvekst. Lågast var finanssektoren, med ein lønsvekst på tre prosent.

bt.no kjem tilbake med meir

Siste fra Jobb