-
FIN FLYT: Å vere blind er ikkje eit hinder for å lese vervarslet på radio. Fredag begynte Kurt Ove Mæland i ny jobb i Kystradioen. - Eg er så takksam. Tenk å få lov til å drive med noko eg er så glad i, seier den erfarne radiomedarbeidaren.
Blinde Kurt Ove tilbake på lufta
Vegen tilbake til eit radiostudio var lang for Kurt Ove Mæland. Fredag debuterte den blinde 40-åringen på nytt.
AV: kjersti mjør
Peikefingrane les manus ein siste gong. Det er fire minutt til sending og fire år sidan sist.
Miksepulten har 104 knappar. Ikkje rart premierehendene dirrar. Så er det hans tur.
- Ein riktig god morgon! Du høyrer på Kystradioen, og eg heiter Kurt Ove Mæland.
Stemma er klar og tydeleg. Ingen kan høyre at mannen bak mikrofonen er både skjelven og blind.
104 knappar
Mange har høyrt denne stemma på radio før. I 1996 kom Kurt Ove Mæland rett frå journalistutdanning i Volda til reporterjobb i NRK Hordaland.
I fire år farta han og førarhunden Olga rundt i bergensområdet og rapporterte om stort og smått.
Sidan har Mæland søkt mange jobbar i mediebransjen, men aldri nådd opp i konkurransen.
Han er ikkje ein gong blitt innkalla til intervju, sjølv om han hadde beste karakter i praktisk radioproduksjon på journalistfabrikken på Møre.
Relansert på radio
Fredag kunne den blinde 40-åringen endeleg relansere seg sjølv som radioreportar og platepratar. Kystradioen har bestemt seg for å satse på Mæland som fast programleiar kvar fredag mellom klokka 9 og 10.
- Vi kjenner Kurt Ove frå før, seier dagleg leiar Bjørn Inge Sagstad.
I 2007 tildelte Medietilsynet lokalradioprisen «Gullfuglen» til Mæland.
- Vi veit at han kan radio.
- Perfekt for jobben
Bibelen ligg på bordet i studio. Den kristne radiostasjonen måtte investere nær 20.000 kroner i spesialisert datautstyr for å få Mæland på lufta.
- Det heng ikkje på greip. Det burde ikkje koste ei krone å ta inn funksjonshemma. Då stiller vi bakerst i køen med ein gong, seier Mæland, og utfordrar politikarane.
- Korleis er det å vere tilbake i eit radiostudio?
- Det er fantastisk. Eg meiner at eg er perfekt for denne jobben, men det var ikkje sjølvsagt at eg fekk han.
Frå Kystradioen bestemte seg til Mæland var på plass i studio, gjekk det heile ni månader.
- Det har vore ein tung veg. Ikkje fordi eg ikkje ser, men på grunn av alt byråkratiet, seier Mæland.
- Det er langt frå festtalane på Stortinget, konstaterer sjefen.
- Ikkje rart at mange arbeidsgjevarar vegrar seg for å ta inn funksjonshemma.
Som 100-meteren
Tre små kinesere syng om "Gode dager". Programleiaren er letta. Han har fått både Kystradioen og trønderane på lufta.
Det er ein stor fordel at musikkinteresserte Mæland som ein gong drøymde å bli rockestjerne, har vore borti ein miksepult før. Han er også tidlegare løpar.
- Å lage radio minner om å springe 100-meteren. Når du går ut, treng du ikkje mange sekund for å rote deg heilt bort.
Her og no
BT, Dagen og VestNytt ligg klare på bordet. Sagstad hjelper til med avisrunden på premieredagen. Vêret tek Mæland seg av sjølv. Peikefingrane glir langs det perforerte arket medan han les varslet. Han har sakna å vere på direkten. No er Mæland endeleg tilbake.
- Eg får den gode kjensla av å vere til stades her og no.
Les også
Siste fra Jobb
Til sammen 230.000 funksjonshemma var i arbeid i 2. kvartal i 2011.
Dette er 21.000 færre enn året. før.
I same periode var 13.000 funksjonshemma klassifisert som arbeidsledige.