Effektivt, meiner norske fagfolk
For utvalde pasientar kan Lightning process vere ein svært effektiv metode, meiner fleire norske fagfolk.
- Publisert: 25.aug.2008 06:00
- Oppdatert: 25.aug.2008 06:45
Deltakarane på LP-kurs er nøye selekterte. Berre dei som trur at LP kan vere løysinga for dei, og som er motiverte for å prøve, får plass. Stubhaug meiner at dette er ei viktig årsak til at mange deltakarar kjem heim med positive historier. - Ein del rapporterer om ein nærmast mirakuløs effekt. Det er som om Jesus har gjenoppstått i Phil Parkers skikkelse. Meir sannsynleg er det at desse personane har vore svært positive til å prøve, og det forsterkar behandlingseffekten, seier Stubhaug. - Motebehandling
Stubhaug seier at på same måte som CFS/ME på mange måtar er ein mystisk sjukdom, har også LP-metoden fått eit mystisk skjer over seg. Han synest at LP har preg av å vere ei motebehandling, som skal kunne lækje alt og alle. - Slike motebehandlingar har tendens til å bli avløyste av andre. Dette er ikkje ei ny behandling, men kjende behandlingsprinsipp i ny kombinasjon - på same måte som ME ikkje er ein ny sjukdom, men eit nytt namn på ein gammal sjukdom, seier Stubhaug. Også psykologspesialist ved St. Olavs hospital, Ketil Jakobsen, understrekar at LP byggjer på anerkjende, psykologiske teknikkar. - Ein del pasientar med ME har tydelegvis veldig godt utbyte av treningsprogrammet, seier Jakobsen. Også han trur ei forklaring på suksessen er at deltakarane på LP-kurs er svært motiverte. Men også strukturen og intensiteten til kursmodellen er viktig. - Det geniale er at kursdeltakarane jobbar intensivt over tre dagar, til forskjell frå annan psykologisk behandling, som ofte er ein time i veka, eller kvar fjortande dag, seier Jakobsen.
Søk i skattelistene Topplister
3 mest leste artikler »
-
Ble sendt hjem til søppelhaug
Alvorlig syk mann ble sendt hjem til dette huset. Sykehuset tar ikke selvkritikk.
-
Vestlandet på Google-kartet
Vestlandet er for alvor satt på Google-kartet. Se bildene her.
Søk i skattelistene
På forsiden nå
- 19:13 Hvem jager Google med lystergaffel?
- 18:36 Slo samboer med jernstang
- 18:14 Politiet tar frem pisken
- 18:08 Økt volum, lavere gevinst
- 17:24 Full utrykning til handleveskebrann
- 17:07 Krasj på Minde
- 16:44 Innbrudd i Griegpark
- 16:17 Branns sesongkortsvikt
- 16:16 - Hvem satte fyr på seilbåten?
- 15:14 30 døde i snøskred i Afghanistan























































