- Lett å bli kvitt ME
Phil Parker, mannen bak Lightning process, hevdar at det er enkelt å bli kvitt ME.
- Publisert: 25.aug.2008 06:00
- Oppdatert: 25.aug.2008 06:45
- Lightning process forandrar fullstendig folks oppfatning av ME som ein
uhelbredeleg sjukdom til noko du lett kan bli frisk frå. Det handlar berre
om å finne rett verktøy til jobben, seier Parker.
Hjelp
ikkje dokumentert
Det finst ikkje vitskapleg dokumentasjon på
effekten av Lightning process (LP), men Parker opplyser at fleire
forskingsprosjekt er på gang. I mellomtida viser han til ei undersøking
utført av The Phil Parkers Training Institute, der hundre kursdeltakarar har
svart på spørsmål.
- Etter den tredje kursdagen
svarte 86 prosent at dei ikkje lenger hadde symptom på ME. Folk som ikkje
har tolt lys og lyd på mange år, som har vore lenkja til senga eller
rullestol i ti, tretti, femti år blir betre i løpet av tre dagar, hevdar
Parker.
Heftige debattar
Parker karakteriserer ME som
ein «multisystem-sjukdom» med fysiske årsaker, men tilnærmingsmetoden er
psykologisk. Kursdeltakarar lærer mentale «triks» for å forandre negative
tankar og åtferd.
- Alle sjukdommar har både eit fysisk og
psykisk aspekt. Å tru noko anna er galskap, seier Parker.
Metoden
blir heftig diskutert på ulike ME-forum, og ME-foreningen har understreka at
LP ikkje passar for alle.
- Forstår du at pasientar blir
provoserte, når du seier at det er lett å bli frisk?
-
Tja. Dei kan også velje å bli nysgjerrige, og få nytt håp. For dei som ikkje
ønskjer å prøve, er det berre trist. Dei kan velje å vente og vere sjuke
nokre år til, medan dei ser andre bli friske. Eller vere proaktive, og prøve
sjølve, seier Parker.
Søk i skattelistene Topplister
3 mest leste artikler »
-
Ble sendt hjem til søppelhaug
Alvorlig syk mann ble sendt hjem til dette huset. Sykehuset tar ikke selvkritikk.
-
Vestlandet på Google-kartet
Vestlandet er for alvor satt på Google-kartet. Se bildene her.
Søk i skattelistene
På forsiden nå
- 19:13 Hvem jager Google med lystergaffel?
- 18:36 Slo samboer med jernstang
- 18:14 Politiet tar frem pisken
- 18:08 Økt volum, lavere gevinst
- 17:24 Full utrykning til handleveskebrann
- 17:07 Krasj på Minde
- 16:44 Innbrudd i Griegpark
- 16:17 Branns sesongkortsvikt
- 16:16 - Hvem satte fyr på seilbåten?
- 15:14 30 døde i snøskred i Afghanistan























































