DET ER FLEIRE enn fiskarar og sjøfolk som ser mørkt på Kystverkets førebelse konklusjon om at det ikkje bør byggjast skipstunnel ved Stad. Prosjektet har vore påtenkt i meir enn hundre år, men lenge stod det på pengar. No er den statlege pengemengda eit større problem enn tidlegare tiders pengemangel. Til gjengjeld har vi økonomane, og den såkalla kost/nytte-brøken, som ifølgje Kystverket står i vegen for å realisera tunnelen.

KAPTEIN ARNE ERNSTEN på hurtigruta «Trollfjord» sa til NRK at dette fører til landesorg langs heile kysten. Det er kanskje å ta hardt i, men det gir samtidig ein indikasjon på kor viktig sjøfarande folk meiner denne skipstunnelen er. Stad er kanskje norskekystens farlegaste farvatn. Det er ikkje sikkert dei som har rekna plussar og minusar har fare forbi Stadlandet ei stormfull vinternatt.

Ein skipstunnel på rundt 1,7 km mellom Moldefjorden og Kjødepollen er kalkulert til 1,7 milliardar kroner. Det er naturlegvis ikkje småpengar. Men det er det dyraste alternativet, det som vil gje sikker overfart også for Hurtigruta. Ein mindre versjon, meir tilpassa småbåttrafikken, vil bli vesentleg rimelegare.

For dette er to ulike prosjekt. Den store tunnelen — som gir betre regularitet også til store skip - må seiast å vera ei nasjonal sak. Den mindre versjonen vil i større grad vera til nytte for lokalsamfunna sør og nord for Stadlandet.

No er den statlege pengemengda eit større problem enn tidlegare tiders pengemangel

DET ER STOR TRAFIKK i området. Det oppheld seg rundt 5000 fiskefartøy utanfor Stadlandet årleg, og det blir rekna at talet på fritidsbåtar opp og ned leia er om lag det same. Den totale skipstrafikken forbi Stad er kvart år 17.000 båtar. 85 prosent av denne trafikken kan med skipstunnel sikrast ein trygg transportetappe frå Kjødepollen til Moldefjorden.

Det gir to viktige vinningar - større tryggleik og betre regularitet. År om anna blir det registrert rundt tjue meir eller mindre alvorlege hendingar på sjøen ved Stad. Mange unngår farlege situasjonar ved å leggja seg på vent anten i nord eller sør. Med skipstunnel vil både Hurtigruta og båtar fulle med fersk fisk kunna ta seg fram utan nenmande ventetid.

DEN FØREBELSE KONKLUSJONEN frå Kystverket må sjåast som ein premiss i det vidare ordskiftet om Stad skipstunnel. Heller ikkje tunnelen under Bjørvika i Oslo kom ut med positiv kost/nytte-brøk. Likevel vart han bygd.

På same måten vil Stortinget i siste runde måtta løfta perspektivet - og ta fleire omsyn - når siste ordet om Stad-tunnel skal seiast.

Treng vi skipstunnelen? Sei di meining i kommentarfeltet under!