Tilhengjarar av ei liberal og tolerant verd kan puste letta ut etter onsdagens parlamentsval i Nederland. Geert Wilders og hans innvandringsfientlege parti fekk 13,1 prosent av røystene. For få månader sidan låg partiet an til å bli landets største, med godt over 20 prosent på meiningsmålingane.

Den viktigaste effekten er at Marine Le Pen og Alternativ for Tyskland no ikkje får den draghjelpa ein valsiger til Wilders kunne gjeve dei i dei komande vala i Frankrike og Tyskland. I Nederland ville Wilders uansett ikkje kome til makta, fordi ingen av dei etablerte partia ønska å samarbeide med han.

Sjølv om Wilders ikkje nådde opp til dei høgder han har hatt på meiningsmålingane, gjekk Partiet for fridomen, som det heiter, likevel noko fram i høve til førre val. Det liberal-konservative Fridomspartiet til statsminister Mark Rutte gjekk markant tilbake, og har mista åtte av dei 41 seta dei fekk i 2012.

Den største taparen i valet var det nederlandske arbeidarpartiet. Dei fekk berre 5,7 prosent av røystene, mot 25 prosent i 2012, og mista 29 av 38 seter. Det er eit uvanleg dramatisk sjølv i våre dagar. Arbeidarpartiet har styrt i ein koalisjon med Fridomspartiet, ein koalisjon som gjennomførte fleire reformer. Mellom anna har dei auka pensjonsalderen, noko som var spesielt upopulært hjå veljarane til arbeidarpartiet.

Valet i Nederland har fått enorm merksemd verda over, fordi det vart sett på som eit vêrteikn for Europas framtid. Britanes ja til å gå ut av EU og valet av Donald Trump har skaka dei som rekna med at høgrepopulisme ville bli verande eit mindretalsfenomen.

Den neste store testen blir presidentvalet i Frankrike til våren. Akkurat no ligg Marine Le Pens Nasjonal Front an til å tape andre valrunde mot sosialliberale Emmanuel Macron. Valet i Nederland har redusert sjansane for at Le Pen skal vinne, men det er likevel for tidleg å avskrive henne.

Le Pen har lova å ta Frankrike ut av euroen, og arrangere folkeavrøysting om EU. Det kunne fått store konsekvensar for det europeiske fellesskapet. Wilders tap har heldigvis gjort dette mindre truleg.

Sjølv om Europa rir av den høgrepopulistiske stormen i denne runden, bør likevel dei folkelege protestane som ligg under takast på alvor. Maktar ikkje Europas moderate politikarar å svare på sosiale og økonomiske problem og det kompliserte identitetsfeltet, vil det siste årets hendingar kunne bli eit varsel om noko verre.