Nora K. Sarastuen
Rune Johan Krumsvik

Rettleiing og undervegsvurdering er noko av de viktigaste i elevars læring. Men korleis skal læraren få dette til på ein fullgod måte i klasserom med 30 elevar? I forskningsprosjektet SMIL (Sammenhengen mellom IKT-bruk og læringsutbytte), fant vi at kreativ bruk av digitale verktøy gav meir rettleiingstid og faglege vinstar - spesielt for dei elevane som trong det mest.

Den velkjende utdanningsforskaren Benjamin Bloom oppmoda tidleg på 80-talet forskarar og lærarar til å tenkje over følgjande utfordrande oppgåve: finn metodar for klasseundervising som er like effektive som ein-til-ein rettleiing. Bakgrunnen var at Bloom hadde funne ein oppsiktsvekkjande stor læringseffekt ved ein-til-ein rettleiing, sett i forhold til tradisjonell klasseromsundervising med 30 elevar. Effekten var så stor at ein kan samanlikne det med fleire års skulegang i skilnad mellom desse elevgruppene.

Ny metode for undervisning

SMIL-studien er den største IKT-studien i den vidaregåande skulen her til lands med over 20.000 elevar og lærarar med i utvalet. Den viser ein klar og systematisk samanheng mellom kva som er foreldras utdanningsnivå og kva som er elevens karaktergjennomsnitt frå ungdomsskulen.

Mykje tyder på at ei vesentleg årsak til at skulen framleis reproduserer sosial ulikskap er knytt til knapp tid til tilpassa opplæring og rettleiing, samt kva grad elevane får hjelp heime av foreldra til lekser og fagleg oppfølging. Kan ein vende noko av dette ved å vende undervisinga?

Vinteren 2013 hadde vi eit feltarbeid ved ein SMIL-skule, og observerte ein metode for å betre den tilpassa opplæringa ved bruk av omvendt undervising («Flipped Classroom«) i matematikk. Læraren vi følgde hadde enkelt sagt lagt til grunn ein ny pedagogisk metode der ho flytta mykje av tavleundervisinga i heilklasse ut av klasserommet til heimearenaen til elevane, for å få frigjort meir tid til å rettleie elevane sine i klasserommet.

Prioriterte anneis

Ho prioriterte dermed å bruke mest tid på å rettleie elevane i dei mest kognitivt krevjande oppgåvene, med fokus på djupnekunnskap i det fysiske klasserommet, medan enklare oppgåver og overflatekunnskapar vart plassert som leksearbeid heime. I tradisjonelle klasserom er dette ofte omvendt. På den måten la ho opp til at overflatekunnskapen kunne lærast via hennar eigne, godt illustrerte og tilpassa videosnuttar som lekse heime, medan djupnekunnskapen vart sett i fokus på skulen der ho kunne rettleie kvar einskild elev der dei var fagleg sett.

Elevane hadde både ansvar for å sjå desse enkle, tilpassa videosnuttane som lekse og melde frå til ho via læringsplattforma før skuletimen om ting dei ikkje skjønte. Slik visste ho til skuletimen byrja kva dei ulike elevane sleit med, og dermed fekk langt meir tid til å rettleie elevane i klasserommet i høve til det nivået dei var på. Dette varetok også det faktum at ikkje alle har foreldre til å hjelpe seg med krevjande leksefagstoff, samt stigmaet med å rette opp handa i timen og avdekkje si vankunne i faget.

Medan ein i andre forskingsstudiar har observert at berre 25-50 prosent av klasseromsundervisinga blir nytta til rettleiing, var det påfallande at denne SMIL-læraren nytta opp mot 80 prosent av undervisingstida i klasserommet til rettleiing av elevane, der tilpassa opplæring og undervegsvurdering vart realisert gjennom kreativ databruk.

Elevane flest syntest dette var ein uvand, men særs god metode å lære på. Læraren sjølv uttrykte stor glede over at ho fekk langt betre tid til kvar einskild elev og registrerte både betre motivasjon og litt betre resultat i matematikkfaget. Vi fann gjennom ein case-studie i SMIL at omvendt undervising hadde positiv effekt på læringsutbyttet til elevane.

Krev god klasseleiing

Likevel kan ein spørje om det ikkje er ein fare for at læraren blir «degradert» til rettleiar i den omvendte undervisinga. Vi fant at omvendt undervising auka lærarens tidsbruk til rettleiing vesentleg, men samstundes måtte læraren vere ein tydeleg klasseleiar både i det digitale og fysiske klasserom. For her var utfordringar: Ho måtte sikre seg at elevane faktisk såg leksevideoane før skuletimane, at dei alle gav beskjed om kvar skoen trykte og at elevane sjølv forsto at for å lykkast med denne metoden måtte dei vareta sitt ansvar.

Kreativ bruk av digitale verktøy gjorde det i dette tilfellet mogleg å opne nye læringsrom som inngang til å realisere grunnpilarar som tilpassa opplæring, rettleiing og vurdering for læring på nye måtar. Men ein føresetnad for dette var ein digitalt kompetent lærar som kjende godt til den omvendte undervisingsmetoden, og som også visste om kva fallgruver ein måtte passe seg for ved bruk av denne metoden. Mellom anna såg ein at både lærebøker, digitale læremiddel og leksevideoar vart nytta komplimentert og ikkje for å erstatte kvarandre i denne omvendte undervisinga.

Strykprosenten falt

Frå SMIL-studien ser ein at denne metoden er lærarstyrt på den måten at det er læraren som er arkitekten bak heile den omvendte undervisinga. Metoden gir samstundes større rom for den elevsentrerte undervisinga ved at elevane sine ulike rettleiingsbehov får betre vilkår. Dette ser ein også i annan forsking og einskilde studiar syner at omvendt undervising kan betre læringsutbytte til elevane samanlikna med tradisjonell klasseundervising.

Men det kanskje mest interessante funnet vart gjort ved Clintondale High School i Detroit, USA, der skulen har ei multikulturell elevmasse frå lågare sosiale lag og der strykprosenten falt med 33 prosent etter at omvendt undervising vart nytta. Metoden har ført til vesentleg meir rettleiingstid pr. elev pr. undervisingstime utan kostnader, og det har blitt meir tid til systematisk undervegsvurdering.

Studiene syner at omvendt undervising kan frigjere meir tid til rettleiing, og kanskje er metoden eit lite steg i retning av det Bloom etterlyste. Brukt på rette måten kan metoden gi eit fagleg løft for dei elevgruppene som treng det mest. Men metoden har sine pedagogiske fallgruver og syner at heller ikkje her er det snarvegar til betre læring — det føreset som alltid kunnige lærarar som kan sitt metodiske handverk og som brenn for at elevane skal lære - gjerne på nye måtar.

Og som ein opphavsmennene for omvendt undervising, Aaron Sams seier det: Det viktigaste er ikkje korleis du lærer, men at du lærer.