Kvinnekroppen er unik og essensiell for å skape nye menneske. Dette er nødvendig for samfunnet, og kvinners seksualitet er difor utsett for press og forsøk på kontroll. Når, korleis og kven skal få gå gravide, og kven skal ha rett til å ta abort? Skal ein eigentleg stola på at kvinner kan bestemma dette sjølv?

Noreg fekk lov om sjølvbestemt abort i 1978. Eg høyrer til ein av dei fyrste generasjonane som har vekse opp med den trua og tanken at retten til sjølvbestemt abort er noko sjølvsagt, og ikkje ein rett som er truga. Likevel er det ikkje noko du fortel til kven som helst — det er framleis eit tabu å ta abort.

Farlege abortmotstandardar

Som abortlege har eg aldri vorte trakassert eller utsett for trugsmål i Noreg. Eg har heller aldri sett ein anti-abortdemonstrasjon i Noreg. Eg har sett bilete av eit par menn med store skjegg som reiste land og strand rundt for 15-20 år sidan med dokker og krossar, men dei hadde aldri stor støtte. Eg har alltid tenkt på dei som anakronistiske klovnar utan appell til nokon. Så då eg såg anti-abortaktivistane i Washington under den store abortrettigheitsdemonstrasjonen «March for women’s lives» i 2004, såg eg dei berre som latterlege klovnar. I all min naivitet tok eg dei ikkje alvorleg.

Det var ikkje før eg var i Buenos Aires og skulle på eit ope møte med Women on Waves, abortbåten frå Nederland, at eg forstod kva for trussel desse abortmotstandarane er. Eg trudde eg skulle på eit fredeleg, ope møte — min naivitet igjen.

Væpna politi og ein ring av sivilt politi beskytta døra. Folk ropte «asesina» - mordar. Dei dytta, slo og sparka. Ein politikar enda opp på sjukehus. For fyrste gong kjende eg meg truga. Eg forstod at viss eg no hevar armen og seier «eg utfører abortar», så kom dei til å angripa meg fysisk. Det var då den flotte, skandinaviske naiviteten min forsvann.

Åtak på abortlova

Sjølv om retten til abort ikkje er truga i Noreg, er det konstante åtak på abortlova, som mellom anna forsøket på å innføra reservasjonsrett for fastlegar. Sjeldan har vi sett eit så stort folkeleg engasjement, og talet på folk som gjekk i 8. mars-tog slo alle rekordar. Vi trur at det skuldast at folk følte lova smuldra opp, og at våre tilkjempa rettar var truga. Folk forsvarte retten til å ta abort utan moralsk fordømming. Protesten nådde fram slik at lovforslaget vart trekt tilbake.

Det som overraska meg - sjølv om eg kanskje ikkje burde vera overraska - var at folk som demonstrerte mot reservasjonsrett og moralisering frå fastlegar, ikkje var så villige til eller evna å overføra dette synet på retten til abort utan moralisering over andre spørsmål knytte til kvinners reproduktive rettar.

Nedlatende kvinneangrep

På Facebook-gruppa «Den selskabelige diskusjonsforening», der det var mange sinte innlegg mot reservasjonsretten, hadde vi ein debatt om fosterreduksjon, å abortere eit eller fleire fostre, men bevare eitt. Grunnane for å ynskje fosterreduksjon er like varierte som ynsket om ikkje å få barn i det heile.

Folk var veldig ivrige etter å fordømme kvinners antatte grunnar for å ynskje fosterreduksjon. Dei brukte sine eigne erfaringar og ynskje når dei ville nekte andre kvinner denne retten. Ei kvinne skreiv: «Eg har tvillingar og kunne aldri fjerna ein av dei», men ingen har då bedt henne om det. Ho ynskte båe tvillingane. Det var eit ynskt tvillingsvangerskap.

Ei anna sa: «Ingen skulle måtte velja kva for ein av dei to som skal vekk. Ein kan koma til å angra etterpå». Vel, du kan alltid koma til å angra på vala du tek om det er å gjera fosterreduksjon, ta abort eller andre val i livet, men det må vera opp til den enkelte å vurdera for seg sjølv. Skulle vi nekta henne retten, fordi ho kanskje kjem til å angra? Kor nedlatande er ikkje det?

Ei anna skreiv: «Dersom ho bestemte seg for å verta gravid, burde ho vita at det kan verta tvillingar og må ta det som kjem». Dette er akkurat som argumentet mot abort: «Viss du har ubeskytta sex, burde du vita at du kan verta gravid». Det kan vera ein stor skilnad både for di fysiske og mentale helse, din økonomi og livssituasjon å få eitt eller fleire barn. Skilnaden kan vera så viktig at dersom du måtte velja mellom å få to/tre eller ingen fordi du ikkje får redusera til ein, så må du velja ingen.

Eit samfunn som ynskjer å oppretthalda fødselsraten sin, må truleg ikkje berre akseptera, men ynskja seg ei viss mengd abortar.

Våre liv er våre. Vi kan ikkje døma andre kvinners liv, erfaringar og ynskje ut frå våre eigne erfaringar.

Eg har også samvit

Abortmotstandarane prøver heile tida å definera forsvaret av fosteret som etisk betre enn retten til å ta abort. Legane som ynskte å bruka reservasjonsretten, vart kalla samvitslegar. Men orsak meg, eg har også eit samvit, og det er overfor kvinner og deira liv, behov og rettar. Mitt samvit er ikkje mindre etisk eller kvalitativt dårlegare. Gjennom forsvaret av fosteret har abortmotstandarar klart å tilkjempa seg retten til ein «høgare» moral, og dette har påverka dei som forsvarer sjølvbestemt abort. Dette fører til utsegner som «ingen ynskjer abortar», «vi må redusera talet på abortar» og «ingen likar å utføra abortar». Når eg utfører ein abort, er eg glad for at eg kan hjelpa den kvinna, og for at kvinner i Noreg er så heldige at dei har eit val.

Viss samfunnet klarer å førebyggja alle uplanlagde svangerskap, kan vi kanskje risikera at det vert født færre barn. Om lag 40 prosent av alle svangerskap er uplanlagde, og berre ein tredel av dei er uynskte. Eit samfunn som ynskjer å oppretthalda fødselsraten sin, må truleg ikkje berre akseptera, men ynskja seg ei viss mengd abortar.

Ei umoralsk handling?

Hovudsaka er at ein ikkje kan tvinga nokon til å bruka kroppen sin for å berga ein annan. Det er i det minste det vi blir fortalde i ein kvar annan situasjon. Du kan mellom anna ikkje krevja at nokon skal gi blod for å berga eit anna menneske. Det er berre kvinner som vert tvungne til dette for fosteret si skuld.

I tillegg er det beste forsvaret eit foster har at kvinner ynskjer å få barn. Når vi seier at vi er for abort på ei side, men samtidig seier at vi må førebyggja abort og at ingen likar abort, så seier vi indirekte at kvinner gjer ei umoralsk handling når dei tek abort. I staden må vi styrkja trua på at alle kvinner er like etisk kapable som oss sjølve til å ta riktige val, og at det å forsvara retten til å ta abort er like moralsk høgverdig som førebygging av abort. Det handlar om retten til å kontrollera sitt eige liv, seksualitet og kropp.

Før kvinner har rett til å ta abort utan å verta pålagde skuld og skam, er dei ikkje like frie seksuelt som menn.

Teksten blei halden som tale på Nordisk Forum, Malmø 13. juni 2014