SV går inn i årets valkamp med slagordet «Ta kampen for et varmare samfunn». For eit parti som kjempar mot global oppvarming er det litt ufrivillig morosamt. Utanom det stadfester slagordet inntrykket av SV som mjukt, velmeinande og kanskje litt klamt.

Men sjølv i SV er det grader av mjukheit. Partiet har både reine-og-rake idealistar og meir pragmatiske realistar, eller som ein del ser det: Ei venstre- og ei høgreside. Det var dei sistnemnde som for første gong førte partiet inn i ei regjering i 2005.

Dei fekk makt, men for mange av veljarane var det ikkje verdt prisen. Oppslutninga gjekk ned frå 12,5 prosent ved stortingsvalet i 2001 til 8,8 i 2005, 6,2 i 2009 og 4,1 i 2013. Der, rett over sperregrensa, er dei framleis på meiningsmålingane. Den nye våren partileiar Audun Lysbakken har lova sidan han byrja i 2012 let vente på seg.

I morgon, fredag, møtest realistane og idealistane på Gardermoen til landsmøte. Sjølv om det er ein del i partiet som meiner SV no bør søkje fridom som opposisjonsparti, vil venteleg partiet gå til val med mål om igjen å gå i regjering med Ap.

I eit forsøk på å gjere seg harde til regjeringsforhandlingane vil partiet for første gong gå til val med fire klare krav for å gå i regjering. Det er i alle fall innstillinga frå landsstyret. Det er kjende SV-saker alt saman: barn og fattigdom (auka barnetrygd), klima (nei til nye oljefelt), fleire lærarar (nasjonal lærarnorm) og «profittfri velferd» (nekte alle private barnehagar, barnevern og asylmottak, i første omgang, å ta ut forteneste).

Krava illustrerer at partiet har breia seg ut etter Kristin Halvorsen gjorde dei til eit barne- og skuleparti på slutten av 1990-talet. Hennar strategi, spesielt barnehageløftet, var ein suksess hjå veljarane. 12,5 prosent ved Stortingsvalet i 2001 er det beste valet i partiet si historie.

Det spørst om SV nokon gong kjem tilbake dit. Barnehageløftet er gjennomført, og Høgre har langt på veg tatt over som det viktigaste skulepartiet. SV har større truverd i klimasaka, spesielt som ein garantist mot utbygging av dei symboltunge oljefelta utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja (LoVeSe). Partiet klarte trass alt å stoppe prosjektet i åtte år i regjering med Arbeidarpartiet.

No går Ap til val på å opne for utbygging av den feitaste delen av området (Nordland 6). Sjølv om både Senterpartiet og KrF seier dei er i mot utbygging, kan SV med eit visst truverd hevde at dei er den einaste sanne garantisten mot utbygging. Dei to andre partia er vanlegvis langt meir opne for politiske hestehandlar.

Dessutan kan SV glede seg over at klimakonkurrenten Miljøpartiet de Grønne slit endå meir enn dei sjølve på meiningsmålingane, med 2,7 prosent oppslutning. Men alt tyder likevel på at partiet kjem inn att på Stortinget frå Oslo. Dessutan satsar dei på at Rasmus Hansson, som no stiller frå Akershus, kjem inn.

Med tanke på at SV slit rundt sperregrensa er det merkeleg at partiet ikkje er drygare i krava, for å markere seg tydelegare for veljarane. For truleg vil dei ikkje få med seg Ap på krava uansett. Jonas Gahr Støre avviste kontant velferdsprofitt-kravet i gårsdagens VG, og lærarnorm vil truleg bli for dyrt.

Alt tyder på at Arbeidarpartiet vil bruke eit raudgrønt fleirtal (Ap, SV og Senterpartiet) til å byte ut SV med KrF. På den måten kan Ap slå inn ein solid kile i det borgarlege samarbeidet, og auke sjansane for å halde Høgre ute av regjeringskontora i lang tid. Risikoen for Ap er liten: SV vil neppe bidra til at Erna Solberg kjem tilbake til makta. For mange i Ap, inkludert Støre, tel det òg at den politiske avstanden til KrF er kortare enn til SV.

I så fall tener SV lite på å halde noko tilbake. Det finst nok av forslag til landsmøtet som kan reindyrke partiets profil på kjernesakene.

Ta til dømes vil tidlegare leiar Lars Haltbrekken i Naturvernforbundet, no førstekandidat for SV i Sør-Trøndelag: Han vil ha inn i krava til regjeringsforhandlingar at kvart budsjett framover skal føre til CO₂-kutt på mellom 1,9 og 2,4 millionar tonn. Langt meir konkret, og krevjande, enn løfte om å nå mål fleire tiår fram i tid.

Eller forslaget om å seie nei til USA-leia militæroperasjonar utan FN-mandat, og nei til å bli med i Natos rakettskjold. I tillegg la partiet i går fram ein 35-punktsplan dei kan plukke frå.

Men skal det skje må det eit aldri så lite opprør til på landsmøtet: På ein pressekonferanse onsdag avviste partiets nestleiar Snorre Valen mot slike ytterlegheiter: «Vi ønskjer ei liste som er tøff, men mogeleg å få til». Det spørst.

Vi lever i populismens tid. Så kanskje kan litt meir aggressiv venstrepopulisme fungere betre for SV. Det er jo eit paradoks at eit venstreparti som SV ikkje klarer å mobilisere når motpolen sit med makta.

Det er mogeleg strategane i SV vil halde regjeringspraten i gang, for ikkje å bli desimert i ein valkamp som i stor grad vil handle om Erna mot Jonas.

Men i alle fall i det stille har SV mykje å tene på å droppe regjeringsplanane. Lysbakken veit at partiet brukar å gjere det best når dei er i opposisjon mot ei Ap-regjering. I så måte kan ei sentrumsorientert Ap-Sp-KrF-regjering vere akkurat det SV treng for endeleg å kome ut av dødens dal.

Men først må dei klare å halde seg over sperregrensa fram til valet. Det kan bli vanskeleg nok viss dei går vidare med ei kravliste som har store sjansar for å drukne i valkampen.

I ein tidlegare versjon av saka stod det at Rasmus Hansson kan bli gjenvald for MDG frå Oslo. Det var feil. Han stiller no til val for Akershus. Førstekandidat i Oslo er Une Aina Bastholm.