2015 var eit rekordår kva flyktningtilstrøyming til Europa angår. Først då oppdaga me at det pågjekk ei flyktningkrise, som Syria, Irak og deira nærområde hadde slite med lenge.

Krigen i Syria har vart i seks år, og skapt 11 millionar flyktningar. Nær fem millionar har flykta ut av landet. Ein million menneske risikerte livet, og tusenvis døydde i ferda over Egearhavet i 2015. Først då flyktningane begynte å kome til Europa, kom nærområda på dagsorden. Tyrkia, Libanon, Jordan og Nord-Irak hadde slite med enorme flyktningtal i årevis før verda fekk augo opp. Reaksjonen vår var innstramming. Resultatet var flyktningavtalen som no er i fare.

SKRIBENTEN: Morten Myksvoll er tidlegare bystyrerepresentant i Bergen og har studert samanliknande politikk ved UiB. Han driv i dag nettstaden tyrkiskpolitikk.no.
Eirik Brekke (arkiv)

Eg besøkte vestlege Tyrkia for nøyaktig eitt år sidan, samtidig som flyktningavtalen vart sett i verk. Eg køyrde frå Izmir, nordover mot Edirne. Ein kort båttur unna småbyen Ayvalık, låg den greske øya Lesvos. Ei av dei mest brukte strendene låg her, nokre kilometer frå denne båtruta. Flyktningane måtte betale enorme summar for å bli frakta over havet, i utrygge båtar, fordi dei mangla visum. Dei einaste eg fekk møtt, var dei som låg i nummererte graver utanfor Izmir.

Katastrofen i Egearhavet var eit resultat av ein bevisst restriktiv europeisk politikk. Flyktningavtalen føydde seg inn i denne grufulle tradisjonen. Ein sentral del av avtalen, var at flyktningar utanfor flyktningleirar måtte krysse havet og bli deportert tilbake, for at flyktningar i leirar kunne bli flytta til Europa. Dette var stoppmekanismen. Den fungerte fordi den var umenneskeleg.

Ingen med sans for humanitære rettar bør felle ei tåre om flyktningavtalen kollapsar. Den er ein stor skam for Europa. Men, den fungerte, og tente både EU og Tyrkia. Taparen var flyktningane, som vart stengt inne i Tyrkia. Taparar vart òg dei som ikkje hadde komne seg ut av Syria. Tyrkia stengde nemleg grensa til Syria, og gjorde flukta nær umogeleg.

Etter dei enorme krigsherjingane som førte til Aleppo falt, var det svært få som klarte å kome seg over grensa til nabolandet i nord. Sånn sett kan flyktningavtalen ha skapt ein dynamikk som gjer at flyktningstraumen neppe blir like stor, sjølv om avtalen skulle bli kansellert.

Tyrkia har opprettholdt deira del av flyktningavtalen. Det har ikkje Europa.

EU skulle gi visumfridom til tyrkarane, men det ser heilt utenkjeleg ut no. Angela Merkel bestemte seg for å setje hardt mot hardt, og krevje ei endring i Tyrkia si vidtrekkjande definisjon av terror og terrorpropaganda. Det er denne som gjer at så mange journalistar sit fengsla no; dei er skulda for terrorpropaganda.

Å krevje at antiterrorlova vert endra er nobelt, men det har òg ført til at avtalen ikkje har blitt fullt ut gjennomført. Då står den i fare. Europa har heller ikkje levert på reetablering, der ein skulle hente ut flyktningar frå leirane i Tyrkia, og busetje dei i Europa. Samtidig slit ein med å handtere situasjonen for dei som kryssa havet før avtalen vart sett i verk. Dei sit no i Hellas, eller i leirar opp gjennom Europa, og situasjonen der er grufull.

Når Tyrkia og EU no finn kvarandre på totalt motsett side, i sak etter sak, aukar spenninga. Tyrkia har lenge trua med å kansellere avtalen, men spørsmålet er om det kjem til å føre til ein ny straum av flyktningar. Det er grunn til å tvile på det.

Tilstrøyminga til Europa i 2015 har nok mange årsaker, men ei av dei var den kontinuerlege straumen av flyktningar som kom inn i Tyrkia. Landet hadde ikkje ein sjanse til å handtere det store talet, og berre om lag kvar tiande flyktning har ein leir å bu i. Resten er overlatne til seg sjølv. Etter fleire år i den situasjonen, med null utsikter for fred, var det forståeleg at dei som kunne reise reiste. No er tilstrøyminga til Tyrkia så godt som stoppa opp. Grensa er stengt, og det er no umogeleg for flyktningar å fly inn i landet frå Libanon eller Jordan. Tyrkia har lært utestenging av EU. Når tilstrøyminga stoppar opp, er sjansen for at mange reiser vekk lågare.

Samtidig er det neppe Egearhavet som er den store terskelen å krysse i år, sjølv med ein avtalekollaps. Balkanruta er stengt, og situasjonen i Hellas er forferdeleg. Når det ikkje finst gode ruter for å kome nordover frå Hellas, vert det svært dyrt å flykta. Dei som ikkje hadde råd i 2015 har neppe råd no. Det blir feil å sjå på Tyrkia som portvoktar, når dei sterkaste og mest umenneskelege signala kjem frå Europa. Det skal vere betre å bu på gata i Istanbul, enn å prøve å kome seg gjennom Europa.

Neste gong du høyrer ein norsk politikar ytre ei slags frykt om at Tyrkia vil prøve å sende flyktningar vår veg, så skal du vite at det er ikkje dei som sit på kontrollen. Den frykta er falsk. Det er norske, tyske, serbiske, makedonske, og greske politikarar som sit med nøkkelen, som låsar flyktningane ute. I deira hovud er flyktningkrisa over, så lenge Tyrkia ikkje finn på noko dumt.

Det er ei vanvitig ansvarsfråskriving. Tyrkia trugar, men trugselen er nok tom. Det er Europa som stenger flyktningane ute.