Se videoreportasje øverst

Den middelaldrande! dama framfor meg ser nærmast litt brydd ut. Ho veit ikkje heilt kvar ho skal kvile augo. Dei fleste står andre vegen, og ser mot henne og på mannen ho har snudd ryggen til. Mannen med mikrofonen bak politiets sperreband. Sverigedemokraternas leiar Jimmi Åkesson.

VVsverigeval09.JPG

— Dette er eit val mellom framleis stor asylinnvandring og velferd, seier Åkesson.Dama er som Sverige. Ho har snudd ryggen til denne fyren som snakkar om innvandring som eit problem, som noko Sverige treng mindre av, noko som kostar vanlege svenskar for mykje.

Eg er i folkhemmet. Farsta var ein gong modell i det moderne Sverige. Då Stockholms-bydelen stod ferdig i 1960, var det ein by i byen. Ein stad der folk hadde alt dei trong: Jobb, bustad og butikkar. Kino, bibliotek, basseng, gymnas.

For ein gong var Sverige verdas mest moderne land, eller kanskje nest mest moderne etter USA.

Leif Gripestam driv valkamp for Moderaterna i statsminister Fredrik Reinfeldts heimkommune Täby. Han trur ikkje alt håp er ute for partifellen.

Den gongen Farsta var ein flunkande ny arbeidarklassehimmel, måtte Sverige hente folk frå fattigare land i Sør Europa, frå Finland og Norge. Det var ikkje nok å tømme landsbygda. Så dynamisk var Sverige.Dei siste åra har det òg kome folk frå andre land hit til Farsta. Men innvandrarar er ikkje lenger like velkomne. Forsking viser at viss innvandrarandelen går over 20 prosent, flytter svenskane ut. Det er det som er i ferd med å skje i Farsta.

Gymnaset, som ein gong var eit av dei største og flottaste i Stockholm, er lagt ned. Fritt skuleval gjer at svenskane har flytta til andre, kvite skular, medan innvandrarane fann sine eigne skular.

1980-tals hagensk

Kva har skjedd med storebror i aust? Landet utan arbeidsløyse fekk seg ein smell på 1990-talet. «Massearbeidsløyse» kalla Fredrik Reinfeldt det, då han tok over makta i 2006. Då var den registrerte arbeidsløysa seks prosent, no er ho åtte.

VINNAREN: Sverigedemokraternas leiar Jimmie Åkesson kan bli den store vinnaren i morgondagens Riksdagsval.
Vegar Valde
DEMO: Fleire demonstrantar enn tilhengjarar når Sverigedemokraterna fiskar stemmer i arbeidarbydelen Farsta i Stockholm.
Vegar Valde
KRAVET: For at eit parti skal kunne få plass i riksdagen, krevst det ein oppslutnad på minst fire prosent av stemmene, eller 12 prosent i minst ein valkrins.
Vegar Valde

Så her står Sverige no, i ein modellby som har sett sine beste dagar, og snur ryggen til Jimmie Åkesson. Lett framoverlent, å sjå til meir som ein innbiten Knut Arild Hareide enn glansdagarutgåva av Carl I. Hagen.Men retorikken til Sverigedemokraternas leiar, er 1980-tals hagensk så det held: Innvandringa er for stor, dei tek pengane våre, flyktningane bør hjelpast i nærområda, og takk til politiet som gjer jobben sin og fjernar demonstrantar som bryt regelen om ikkje å protestere medan Jimmie snakkar. Og media, vel, dei er i mot oss.

Gjennom norske briller er det lett å sjå for seg kvar dette kan ende. Innvandringsdebatten i Sverige er framleis på norsk 1985-nivå. Leiarane i alle dei andre partia avviser blankt Sverigedemokraternas krav om å redusere innvandringa. I den grad avisene skriv om partiet, er det stort sett for å avsløre rasistiske lokalpolitikarar.

I Norge vart det slutt på å tie Frp i hel etter partiet gjorde eit brakval i 1987, som vart stadfest i Stortingsvalet to år etter. Det store spørsmålet er om dei andre partia i Sverige vil gjere som søsterpartia i Norge gjorde på slutten av 1980-talet: Å stramme inn innvandringspolitikken for ikkje å tape for mange veljarar.

Ei meiningsmåling i 2012 viste at 45 prosent av veljarane i Sverige meinte det var eit bra eller ganske bra forslag å ta i mot færre flyktningar. Utanom Sverigedemokraterna var innvandringsskepsisen størst i statsminister Fredrik Reinfeldts eige parti, Moderaterna (53 prosent). Etter det har flyktningstraumen auka kraftig.

48 milliardar ekstra

Som i Noreg midt på 1980-talet, er ikkje innvandring noko offisielt hovudtema i den svenske valkampen. Diskusjonane i media handlar om trøbbel i den svenske velferdsstaten, og om kven som best kan fikse problemet. Meiningsmålingar viser at skule, omsorg og arbeid er viktigast for folk. Valplakatane er prega av dei same sakene.

Men problema heng saman. Det vart veldig tydeleg då statsminister Reinfeldt held sin «sommartale» nyleg.

Sverige reknar med å ta i mot 84.000 flyktningar berre i år (Norge tek i mot 12.000). Flyktningstraumen gjer at Migrasjonsverket treng 48 milliardar kroner ekstra for å finansiere den auka tilstrøyminga. Det tok Reinfeldt opp i sommartalen. Rekninga gjer at landet ikkje har råd til å betre velferden, og at fleire skattar må aukast, sa han.

«Jag ber svenska folket att ha tålamod och öppna sina hjärtan för de utsatta vi ser rundtom i världen», sa Reinfeldt.

BRILLENE PÅ: Partiet Feministisk initiativ skaffar seg gratis reklameplass ved å setje rosa briller på dei andre partia sine valplakatar.

Det sa han i eit land med 400.000 arbeidslause, som sidan 1990-talet har kutta i den ein gong så stolte velferdsstaten. I eit land der berre 27 prosent får dagpengar viss dei mister jobben, der fleire har blitt fattige, der offentleg finansierte private sjukeheimar kuttar i bemanninga og tek ut forteneste, der skuleresultata nærmar botnen i den internasjonale Pisa-rangeringa.

Blendakvite Täby

— Eg meiner Reinfeldt heller burde opne Täby, seier Daniel Suhonen, leiar av den venstre-sosialdemokratiske tankesmia Katalys.

For Reinfeldt risikerer ikkje, om ein kan bruke eit slikt uttrykk, at flyktningane hamnar i hans nabolag.

Kommunesenteret i Täby er òg ein betongørken. Men litt lysare og finare enn den i Farsta. Her har dei borgarlege styrt sidan 1950-talet.

Utanom nokre elevar frå yrkesskulen, er reinhaldaren Jahanfar Fereydon den einaste mørkhuda vi møter på.

— Eg bur her i Täby, men eg har vore heldig og fått leige ei leilegheit eg har råd til. Å kjøpe noko er kjempedyrt her, seier Fereydon, som i si tid flykta hit frå Iran.

For to år sidan selde Täby sine siste kommunale leilegheiter, fortel kommunalråd Leif Gripestam. Frå Moderaterna, sjølvsagt.

— Fordi det ikkje er ei kommunal oppgåve, seier Gripestam.

Det er i stor grad kommunale leilegheiter, og leilegheiter med låg, regulert leige, Sveriges mange nye landsmenn bur i. Det finn du i Farsta og andre arbeidarbydelar i storbyane, men ikkje her. Korkje i burettslaga rundt oss, eller i villaene og rekkjehusa som ligg bakanfor. Dit Reinfeldt flyttar tilbake, viss han taper valet søndag.

Sofafienden

Flyttar du deg ei mil lenger vest, til Stockholmsbydelen Tensta, er biletet spegelvendt. Her er det billeg å bu, og knapt nokon med lys hud. I fjor sommar gjekk det bilete frå Tensta verda over, etter at ungdommar hadde sett fyr på ein skule og fleire bilar.

— Dei får ikkje jobb, og har ingenting å gjere, seier Abdo Goriya.

Han flytta hit frå Syria for 35 år sidan, og er uroa over utviklinga. Arbeidslaus ungdom endar i kriminelle gjengar. Folk flyttar herfrå så snart dei får seg noko betre.

Goriya har flytta sjølv. No er han fulltidspolitikar for Socialdemokraterna i Stockholm, og tilbake for leie ein gjeng partikollegaer som skal rundt og banke på dører. Dei fleste som bur her stemmer på Socialdemokraterna, viss dei stemmer. Goriyas fiende er sofaen, og Sverigedemokraterna.

— Stemmer ikkje vi som har innvandrarbakgrunn, så risikerer vi at eit rasistisk parti får meir makt i Riksdagen, seier han til ein kar som har opna ei dør i lågblokka.

Abdiaziz Aynanshe, som har flykta frå Somaliland med familien, forsikrar at han skal stemme.

Store forskjellar

1989 var Sveriges siste år i uskuld. Framleis var dei det landet i den vestlege verda med minst forskjell på fattig og rik. Arbeidsløysa var ned mot to prosent. Alle hadde jobb. Så kom smellen. Ei finanskrise sendte tusenvis av svenskar ut i arbeidsløyse. Fem år seinare var ti prosent utan jobb.

Sidan har svenskane vendt seg til arbeidsløyse over fem prosent, og ei ungdomsarbeidsløyse som nærmar seg 25 prosent. Noko anna dei har vendt seg til, er auka forskjellar på folk. Sidan 1991 har den såkalla gini-koeffisienten, som måler forskjellar i disponibel inntekt, gått opp frå 21 til 27 (2011). Sverige er no midt på OECD-treet i ulikskap, godt over nabolanda i Norden.

Dette heng saman med liberaliseringar og innstrammingar i den stolte, svenske velferdsstaten. Naudsynt på grunn av ei djup økonomisk krise, vil mange seie, men likevel.

Som i Noreg, Tyskland og ikkje minst Storbritannia, var det eit sosialdemokratisk parti som stod for mykje av liberaliseringa. Tanken var, som i Noreg, at ein måtte effektivisere velferdsstaten gjennom marknadsreformer, for å redde prosjektet. Forskjellen er at Sverige ikkje har hatt Noregs oljepengar til å halde opp velferdsstaten med.

Mot urolege tider

Men tanken om velferdsstaten står framleis sterkt i Sverige. Ein av grunnane til at Reinfeldt vann regjeringsmakta i 2006, var at han førte partiet til venstre. I alle høve i retorikken.

Moderaterna vart til «Nye Moderaterna - Sveriges nya arbetarparti». Dei omfamna velferdsstaten, dei omfamna fagorganisasjonane, «facket». Dei lova det same som Socialdemokraterna: Å redde velferdsstaten og samstundes skape nye jobbar, ved å gjere det meir lønsamt å jobbe.

Reinfeldt-regjeringa har styrt godt, og har oppnådd kunststykket å bli meir truverdig enn Socialdemokraterna i den økonomiske politikken. Men når veljarane no snur ryggen til dei, har det truleg sterk samanheng med at dei ikkje har innfridd løfta om jobb og velferd. Sjølv 73 prosent av Moderaternas eigne veljarar ønskjer ikkje at private eigarar av skular og sjukeheimar skal ta heim fortenesta, viste ei meiningsmåling denne veka.

Etter alt å dømme vinn dei raudgrøne i morgon, og dannar regjering. Men med mindretal i Riksdagen er det duka for svært urolege tider.

Socialdemokraterna ligg likevel an til å gjere sitt dårlegaste val sidan 1911, og då hadde ikkje ein gong kvinner og menn utan inntekt stemmerett. Då Reinfeldt stal kleda deira i 2006, svarte sossarna med på å ta patent på omgrepet «Den nordiske modellen». Skal dei kome seg opp att, må dei vise meir fantasi. Kanskje fylle omgrepet med eit innhald, eller gjer som Stoltenberg: Gå til venstre.

I Farsta er «stormøtet» Sverigedemokraterna lokka med på nettsida ikkje særleg stort. Rundt 20 hardbarka fans klappar til alt Åkesson seier, og litt fleire motstandarar brøler ut protestar. Det er enkelt å sjå forskjellen. Motstandarane står med ryggen til, med ein talande langfinger vend mot Åkesson.

Først litt lenger bak, langs butikkvindauga på begge sider av betongtorget, står dei tause. Dei som alltid avgjer når det er val. Nokre av dei er brun i huda, men dei fleste er kvite. Slike som kan sikre Åkesson ein haug med stemmer ved valet i morgon, kanskje opp mot 15 prosent.