«Slik kan også livet vere». Det tenkte eg då eg las historia til den 27-år gamle studentens innlegg «Levende død»:

Ei skildring av korleis det er å bli sett mellombels på sidelinja, og ikkje greie å gripe fatt i dei nettverka som skal fange ein opp når det raknar, anten det er Nav og det offentlege, private aktørar som Kirkens Bymisjon — eller familie. Ei historie om einsemd, om å kome inn i dårlege spiralar, og rett og slett miste grepet.

Kor fort livet kan rakne

Ein skal ikkje ha levd veldig lenge for å vite at livet kan setje ein ut. Ikkje sjeldan er det eigne val som gjer at ein kan hamne i offside. Dette var eit døme på kor fort livet kan rakne for eit menneske som er vane med at alt ordnar seg. I det ligg det også eit generasjonsbilete: Ein generasjon som har vakse opp i stadig veksande velstand og krav til å lukkast og forventningar (eigne og andres), men gjerne utan stor erfaring i kva det vil seie å jobbe hardt.

Men så byrja artikkelen å rulle i sosiale medium. I løpet av kort tid var den lesen av 300.000. Kommentarfeltet rann over, BT fekk ei rekkje e-postar og telefonar frå folk som ville hjelpe — og så, som ein kan vente, kom skeptikarane på banen:

«Hva er det vi ha lest egentlig?» spurte bloggaren Fr. Martinsen, og sette i gang ein heilt annan diskusjon: Om BT har faktasjekka historia. Om det eigentleg finst havregrynsgraut på First Price. Og kor sannsynleg det er at studenten skulle ha steikt ei blanding av mjøl og vatn på steikjepanna. Eit anna spørsmål: Er i så fall BT lurt? Og har BT halde lesarane for narr?

Tårevåte fioliner?

I botn ligg ei mistru til stilnivået. Var det ikkje «litt for mange tårevåte fioliner i bakgrunnen?» spurte Aftenpostens Mala Wang-Naveen i kommentar vesle julaftan.

På mange måtar bryt artikkelen med det ein forventar av fattigdom, til dømes eit godt språk og litterære preferansar, kanskje også ein snev av romantikk.

Nokon har difor trekt fram eventyret «Piken med svovelstikkene», og stilt spørsmål ved om dette rett og slett er ein nyskriven sentimental versjon tilpassa julestemning og generell givarglede, skriven av nokon som no kan le av godt.

Til det er å seie at vi har snakka med studenten fleire gonger, og ser ingen grunn til å mistru historia. Ho har også fylt ut med informasjon som ikkje står i teksten. Stilnivået er det vanskeleg å faktasjekke.

Skal ein mistru ein tekst fordi den refererer til Hamsuns «Sult»? Eller rett og slett fordi forteljinga bryt med oppfatningar om korleis den fattige eller einsame skal te seg? Kanskje kjem den for nær eit middelklasseliv. Ho er ein student, ikkje ein narkoman eller trygdemottakar.

Nytt år

Vi går snart inn i eit nytt år. Vi veit ikkje kva neste år vil vere. Kanskje vil nokre av oss miste jobben og gå arbeidslause ein periode. Det er vanskeleg å vite på førehand korleis ein taklar slikt. Kanskje er det noko anna som slår inn av godt eller vondt, som gjer ein ute av stand til å ta gode val. Kanskje vil vi til og med skamme oss. Då kan det til og med kome godt med at ein er i stand til å sjå seg sjølv utanfrå — og til og med skrive ned historia si for i ein augneblink få alt på avstand.

Så kan ein sjå på det ein har skrive og tenkje at: Ja, slik kan også livet vere, og til og med få lyst til å gjere noko med det.

God jul!