Menneska er ein tilpasningsdyktig dyreart. Og vestlendingar er spesielt omstillingskompetente. Når silda forsvinn, startar vi aluminiumsfabrikk i naustet. Vi skal nok greia oss utan plastposar. Men vi treng overgangsordningar. Utfasinga må skje over tid, og det må framskaffast gode og tenlege alternativ, kortreiste og økologiske. Vi står ikkje overfor eit problem. Vi har ei utfordring. Vestlendingar elskar utfordingar.

Eg har klamra meg til plastposen. Med ein velbrukt plastpose i handa har eg alltid rekna meg trygg. Ingen stel ein sliten plastpose med reklame for Rema og Kiwi og Coop. Ingen kakkar gamle folk i hovudet for å rana plastposen deira. Gamle, slitne plastposar med utflytande, langtidsparkert reklame er sikrare enn noka kommodeskuff. Sikrare enn banken. Det har eg alltid tenkt. Det kan gå hol på ein plastpose. Plasthandtaket kan slitna. Eg har alltid hatt plastposen inni ein annan plastpose, gjerne fleire plastposar i ein plastpose, for å skilja mellom ulike vareslag og transportoppdrag og for å ha alternative transportmiddel. Ein plastpose som har lege inni ein annan plastpose kan enkelt og greitt bli den mest representative plastposen, eit nytt karosseri, ein ny fasade mot verda. Det har vore ei grei ordning.

Eg har drive gjenbruk og resirkulering, som det sømer seg ein vestlending. Det er ikkje vi som kvelte sotrakvalen med plast. Når det vart brukt 930 millionar plastbereposar i Noreg i 2014, må det vera austlendingar som ikkje har betre vit. Som vanleg. Men eg er viljug til å ta endå meir ansvar. Det er heilt greit for meg om plastposane går over i soga så snart sunnmøringane har summa seg til å byggja nye fabrikkar for berekraftige berenett av kortreist tang og tare.

Du må berre koma med plastpose­avgiftene dine, kjære finansminister, og det må skje raskt. Det er våre strender, det er våre kvalar, det er vårt hav som blir kvelt av plast. Eg skal finna meg noko anna å klamra meg til. Noko som kan komposterast og bli til potetåker. Om silda forsvinn, har vi alltid hatt potetene her på Vestlandet.