**Djerve birkebeinarar** har fint driv på ski over kinolerretet for tida. Men ein burde òg laga film av Egilssoga. Det kan bli ein vikingfilm om evige dilemma som er aktuelle i dagens politiske situasjon.

Eldar Heide

Det gler meg at filmen «Birkebeinerne» blir godt besøkt på kino. Kan historia vår gjerast levande i spenningsfylte drama som appellerer til folk i dag, er ingen ting betre enn det. Filmen har likevel fått blanda kritikk. Dei fleste kritikarane framhevar kostyme og actionscenar som vellukka, medan karakterane er vanskelege å tru på. Dei er grunne, og vi kjem ikkje innpå dei. Andre peikar på at filmen gjev eit underleg bilete av historia. Og så er alt svart— kvitt: Birkebeinarane er botnlaust heiderlege og baglarane er vonde.

Filmprodusent:

Eg vil her lansera ein idé til ein film som kan bli like actionfylt som «Birkebeinerne», men likevel røra oss som menneske. I tillegg kan han vera aktuell i dagens politiske situasjon, med flyktningstraumen frå borgarkrigen i Syria. Eg føreslår å filmatisera fyrste del av Egilssoga (Egils saga), med handling frå den tida Harald Hårfagre samla Noreg på slutten av 800-talet.

Egilssoga vart skriven på Island på 1200-talet, kanskje av Snorre Sturlason, og er etter manges syn den beste av dei såkalla islendingsogene. Dei fortel om folk som braut opp frå gamlelandet og segla til Island for å byggja eit nytt samfunn der. Leiarane for kvart følgje som vandra ut, var storbønder og hovdingar, altså folk som sat godt i det.

Kvifor skulle slike folk føretrekkja ei forblåsen, subarktisk øy midt i Nord-Atlanteren? Medan dei andre islendingsogene berre kort forklarer bakgrunnen for utvandringa og konsentrerer seg om kva som skjedde vidare på Island, drøftar Egilssoga hendingane som førde til utvandringa. Bakgrunnen, slik Egilssoga framstiller det, var eit dilemma. Eit val mellom pest og kolera.

Islendingsogene seier at dei som fór ut, var flyktningar. Dei «flydde for tyranniet til kong Harald». Då kongen la landet under seg, fór han like hardt fram som IS eller Assad i Syria i dag. Når han hadde slått ned den væpna motstanden, konfiskerte han gardar i stor stil. Dei som ikkje ville innordna seg regimet, vart drepne eller lemlesta. Som motstykke til dette vilkårlege valdsveldet stiller soga opp situasjonen før kong Harald: Då respekterte frie menn kvarandre.

Ikke lenger vikinger:

Småkongane og hovdingane kringom i landet måtte velja eitt av fire:

Slåst mot kongen.

Liggja lågt og håpa å få vera i fred.

Gå i kongens teneste.

Flykta.

Farfar til Egil Skallagrimsson var storbonden Kveldulv, og han er innom alle fire alternativa. Han bur i Sunnfjord eller Nordfjord, og når kongen nærmar seg nordfrå etter å ha lagt Austlandet og Midt-Noreg under seg, innser Kveldulv at det ikkje kan nytta med motstand. Han bryt difor lojaliteten til småkongen over Fjordane, og når Fjorda-kongen samlar folk og fer for å hjelpa sunnmøringane, sit Kveldulv heime med hendene i fanget.

Det går som Kveldulv har rekna ut. Harald valsar ned all motstand, i Fjordane òg. Når Harald sender utsendingar til han med tilbod om å bli lendmann, vrir han seg unna og seier han er for gammal. Kveldulv vil vera fri bonde heller enn å ta imot ordre frå nokon. Kongen blir sint når han høyrer dette, men krisa glir over når sonen Torolv går i teneste hos kongen.

I fleire år gjer Torolv det skarpt hos Harald. Han er med i Hafrsfjord og slår ned dei som framleis slåst mot kongen (slik slekta hans òg ville gjort dersom det kunne nytta). Etter kvart blir han lendmann på Hålogaland og inndrivar av den svære pelsverkskatten frå samane. Men Torolv blir for stor for kongen, som til slutt kjem sørfrå med ein hær og drep han for eiga hand. Dermed har ikkje Kveldulv og slekta hans noka framtid i riket til Harald, og berre eitt alternativ står att: Å flykta og prøva å skapa seg eit nytt liv i eit anna land, der ideala frå før tyrannen kan førast vidare.

Verneverdig:

Kveldulv fer med sine til Island, som nettopp var oppdaga. Der grunnlegg desse og andre flyktningar den islandske fristaten, som ikkje har nokon konge, men blir styrd av frie menn som respekterer kvarandre og deler makta imellom seg. Slik framstiller islendingsogene det, og dette er den islandske opphavsmyten. I røynda var nok alternativet til tyrannen mindre idyllisk, for det ser ut til at stormennene sjølve ville gjort som kongen om dei hadde kunna. Men dette er motsetnaden Egilssoga og dei andre islendingsogene stiller opp.

Problemstillinga i fyrste delen av Egilssoga kan formulerast slik: Korleis kan ein finna eit verdig liv, med sjølvrespekt og respekt frå andre, i møte med overmakt? Dette er ei allmennmenneskeleg og evig aktuell problemstilling — tenk berre på folk i Syria i dag. Er det mogeleg å stå utanfor konflikten? Om ein må velja side - kva kamel er den minste å svelgja? Nyttar det å slåst mot dei som har eller tek makta der ein bur? Når må ein innsjå at flukt er einaste utveg?

Lagar ein film av slike spørsmål, er det lite som er svart eller kvitt, ingen svar er enkle, og det bør ikkje vera vanskeleg å portrettera truverdige menneske.

Ein film basert på fyrste delen av Egilssoga kan altså bli djupt meiningsfylt på menneskeleg plan. Likevel vil det ikkje mangle på mulegheiter til flott filming, kostymedrama og action, med slagscenar under snøkledde fjell og vikingskipssegling i verdskjende fjordar.